Innsendt:

Ønskjer å spreie lys i den mørkaste tida i året

I dag er det fire veker til julekvelden og i heile den kristne verda førebur folk seg til å feire at Jesus vart fødd. Sykkylven Gospelkor og Credo Brass er ikkje noko unntak i så måte.

Credo Brass: Ingen av musikantane i Credo Brass har vore med frå byrjinga i 1936, men dei spelar ut den same glade og tidlause bodskapen som også gjaldt den gongen. Dirigent Jan Eldar Lyngvær til høgre. Biletet var teke før brødrene Sivert og Andreas tok til i korpset.   Foto: Erik Pedersen

Kultur

I det gamle Romarriket vart uttrykket Adventus Domini (Vi ventar på Herren) – brukt om tida like før ein viktig person skulle gjeste ein stad eller ein by. Då var det mange ting som skulle ordnast og gjerast i stand. Vi kjenner på det same her til lands,- t.d. ved kongebesøk. Alt skal vere planlagt: raud løpar, program, taler, mat, musikk … Høgtid og forventning. Kongen kjem!