Tok vinnarfotografiet ved frukostbordet

Dette biletet, tatt av Kristbjørg Bjørndal, blei vinnerbiletet i Sykkylven fotoklubb i november.

Vinnarbiletet: Kamera: Olympus. Brennvidde 35 mm, ( mitt kamera 17,5), blendar f/ 8, tid 1/500, ISO 200.   Foto: Kristbjørg Bjørndal

Kultur

Oppgåva var å ta tre foto med brennvidde 35 mm, rett frå kameraet. Det betyr at det er fotografen som må kome seg i rett posisjon for eit godt komponert foto, utan å bruke tele eller vid vinkel. Det var heller ikkje lov å klippe eller redigere etterpå.