«Konsert og kaffi» i Straumgjerde

Ingunn Hunnes, Per Grønli og Rose Iren Stave gav oss ei kulturoppleving av høg klasse på bedehuset i Straumgjerde sist laurdag. Dei hadde sett saman eit variert program som fall godt i smak hos publikum.

Variert program: Ingunn Hunnes (t.v.), Per Grønli og Rose Iren Stave hadde konsert og diktlesing på Straumgjerde bedehus.   Foto: Privat

Kultur

Konserten opna med den flotte «Trumpet volountary» av barokkomponisten Jeremiah Clarke, med godt samspel mellom Per Grønli på trompet og Rose Iren Stave på piano. Allereie her fekk Per vist oss det nivået han framleis held som trompetist. Han framførte også den vakre folketonen «I himmelen» i eit arrangement Kåre Nordstoga faktisk har tileigna Per. Mellom stykka dei spelte, fortalde Per Grønli om dei forskjellige trompetane han brukte, om komponistane og musikkstykka. Vi fekk også høyre den mollstemte melodien Per har laga til diktet «Ro stilt langs med landet» av Henrik Straumsheim. Etter å ha vore innom fleire sjangrar, avslutta Per og Rose med «Trumpet tune» av Henry Purcell.