— Huset er så spesielt at det ikkje kunne rivast

Laurdag vart det feira jubileum for Relling-huset.
Kultur

— Huset er så spesielt at det ikkje kunne rivast. Eg vil ikkje seie kva det har kosta, for det er meir enn nok. Vil nok tru at det er på linje med å bygge nytt, fortel Torgny Relling.

Laurdag kunne han og sambuar, Cathinka Viddal, invitere slekt, naboar og vener til 100-årsmarkering av Relling-huset nær Stranda sentrum. Eit jubileum som vart markert med grilling, sosialt samvær og dans utover ettermiddag og kveld.

Torgny Relling arva huset i 2001 etter Margit Relling. I 2005 starta han den store jobben med å renovere det tre-etasjers store huset. Fem år seinare kunne han på nytt flytte inn. Han meinar at det er brukt om lag ti tusen arbeidstimar på renoveringa. Ein stor andel er dugnadstimar.

No er alle tre etasjane på det næraste ferdige.  I kjellaretasjen er det grave ut mange titals kubikk for hand, slik at ein har fått full høgd også der. Huset er på i alt 360 kvadratmeter.

Ti årsløner

Det var i 1914 at Gerhard Toresson Relling og kona Bertha flytta attende frå USA. Gerhard hadde arbeidd som tømrar og byggmeister i statane. For 15400 kroner fekk han kjøpe ein tredjedel av prestegarden og halve Stranda sentrum. Summen tilsvarte ti årsløner på den tida.

—Folk på Stranda meinte han hadde betalt alt for mykje for arealet, fortel Geir Vidhammer og Gerhard Relling, som i sommarvarmen kunne gle seg over at huset til Relling-slekta er teke vare på og modernisert.

Gerhard Toresson Relling var ein føretaksam mann. Han vart i åra som kom ein viktig mann i utviklinga av Stranda tettstad. Berre tømmeret på eigedomen var verd kjøpsprisen av tomta.

Deretter starta han med sandtak mellom anna. Og industrireisinga som skjedde på Stranda var mykje på grunn som Relling hadde hand om. Sjølv livnærte han og kona seg av garden og fruktdyrking.

Framtida er alpakka

Dagens vertskap er også nytenkande. Tretten alpakkaer er alt på garden. I framtida er det meininga at desse skal verte fleire slik at ullproduksjon og sal av dyr skal gje grunnlag for eigne produkt frå Relling-garden.

— Vi håpar å kunne auke opp til om lag tretti dyr etterkvart, avsluttar Torgny Relling.