Dagens kommentar 6. januar, 2021

Velkommen til Nyss!

tilsette i Nyss: Redaksjonen i Nyss står framfor mange utfordringar i samband med den nye lokalavisa for Stranda og Sykkylven. Foto: runar vegsund 

Meiningar

Spenninga rundt det nye avisprosjektet Nyss har både vore stor og engasjerande, men ikkje minst utfordrande. Sjølv om vi hadde mange avisnamn å velje mellom, fall namnet på Nyss, noko både Språkrådet og språkekspertar straks tok til sitt bryst og velsigna. Sunnmøringen og Sykkylvsbladet er no historie etter nærare 75 år, så no får eg håpe at ein ny epoke med Nyss vil felle i smak.

Som redaktør og dagleg leiar i den nye lokalavisa har eg ei stor oppgåve, nemleg å skape gjensidig tillit mellom avisa og våre lesarar og annonsørar. Skal vi utvikle Nyss, må vi som arbeider i redaksjonen etter beste evne freiste å skrive om små og store hendingar, og stille opp der det skjer så langt det let seg gjere. Samtidig skal marknadsavdelinga bli synlege for å kunne gi råd og rettleiing for bruk av Nyss som annonseformidlar.

Dersom Nyss skal utvikle seg til ei god og informativ lokalavis for våre innbyggarar, så må vi spegle det som skjer i bygdelaga både på nett og papir. Skal vi lukkast vil eg vone at du som lesar og annonsør kontaktar oss på telefon, e-post eller etter avtale kjem innom avislokala våre i Stranda eller i Sykkylven. Eg vil presisere at vi er har open redaksjon som betyr at vi etter beste evne skal freiste å imøtekome alle. Men, vi er ikkje meir enn menneske, som betyr at vi kan ikkje vere over alt samtidig.

På vegner av den «nye» redaksjonen og marknadsavdelinga, vil eg ønskje alle våre lesarar og annonsørar velkomne til Nyss. Alle tidlegare abonnentar av Sunnmøringen og Sykkylvsbladet vil få papirutgåva av Nyss i sine postkasser fram til nye abonnementsfaktura blir utsendt medio januar.

Håper at vi alle vil få eit godt nytt år med Nyss!