Dagens kommentar:

– Går så det susar!

Adm. dir. Kristen Ringdal og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal  Foto: Johan Behrentz

Meiningar

Når vi midt opp i ein koronapandemi opplever at fleire sentrale næringslivsaktørar i Stranda og Sykkylven kan vise til rekordstor omsetnad og ein solid ordrereserve, er det berre å bli imponert. Og ikkje nok med det. Fleire verksemder vart i ein periode i fjor vår råka av permitteringar og sjukmeldingar. Men så opplevde mange ein utruleg snuoperasjon, og manglar no faktisk arbeidskraft. Mellom desse var møbelkonsernet Ekornes, som dei siste månadane har tilsett svært mange nye medarbeidarar.