Oppdatering frå kommuneoverlegen i Stranda:

Koronasituasjonen i Stranda kommune i veke fire

Kommuneoverlege: Arne Gotteberg i Stranda kommune  Foto: Johan Behrentz

Meiningar

Som ein følgje av utviklinga internasjonalt og nasjonalt (nedstenging av sentrale austland) med auka forekomst av ein meir smittsam mutant av koronaviruset, har det også i Stranda kome inn uro og skjerpa merksemd over situasjonen. Det må understrekast at denne nye virusvarianten ikkje er påvist her, og vi vonar strenge tiltak på austlandet kan førebygge smitte hit. Men at det skal gå bra avhengig også over korleis vi innrettar oss her hos oss!

Vårt eige ansvar

Sjå til at vi sjølve virkelig følgjer og tek på alvor dei basale og velkjente smittevernråda, spesielt å overhalde:

o Avstandskravet

o Halde seg heime ved luftvegs- eller influensaliknande symptomer

o Lavare terskel for testing

o Lavare terskel for bruk av munnbind

· Unngå unødig reising.

· Dersom det virkelig er naudsynt å reise eller motta besøk frå delar av landet med nedstenging og stort smittepress, så

o Følg råda ovanfor som i detalj er lagt ut på kommuna si heimeside

o Avgrens omgangen med andre så mykje som muleg og ta ein test

o Hald deg heime ved dei nemde symptom og kontakt legetenesta

Importsmitte og innreisekarantene

Vi har altså ikkje registrert den nye virusvarianten her. Det vi likevel har registrert er ei markant (og forventa) auke i importsmitte frå utlandet etter jule- og nyttårshelga. Dette gjeld først og framst arbeidstakarar frå utlandet som har vore heime på ferie. Vi hadde i veke 3 eit webinar for alle verksemdene i Stranda der vi gjennomgikk og innskjerpa overhalding av innreisekarantene, krav til karanteneboligen og isolasjon, testing og oppfølging. Alle dei 6 nye koronapositive tilfella etter nyttår har samanheng med importsmitte. Det må seiast at gjennom isolering i kjølvatnet av godt gjennomførde reglar for innreisekarantene, testing og oppfølging har vi, så langt, ikkje registrert nokon smittespreiing. Verksemdene jobbar godt med smitteutfordringane og skal kvalitetssikre god praksis på dette feltet og hjelper oss å sjå til at utanlandske arbeidstakarar har forstått (event bruk av tolk) og følgjer opp reglane på korrekt måte. Verksendene viser omsorg for den einskilde i karantene og isolasjon og yter praktisk hjelp til dømes ved å kjøpe inn, behov for transport til testing etc.

Litt statistikk

Lenge såg det ut som Stranda var «beskytta» mot korona. Første tilfelle kom 15.08.20 og vi hadde totalt bare 3 tilfeller i 2020. Mentil no i januar -21 kom altså talet samanlagt opp i 9 tilfeller. Med atterhald om små tal kan ein likevel antyde at 75-80% av tilefella er importsmitte frå utlandet. Så vi har dessverre fått avkrefta – det vi lenge «trudde» - at Stranda var noko heilt for seg sjølv! Vi er no blitt ein del av Norge og av det internasjonale samfunnet!

Koronavaksinering

Vi starta vaksinering i veke 1. Som regjeringa har avgjord, gjeld det sjukeheimspasientar og eldre over 85 år. I veke 3 hadde alle sjukeheimspasientar i Stranda, som ønskjer vaksine, fått første dose. Vi vakisinerar no alle interesserte over 85 år. Frå veke 2 skal inntil 20% av vaksinane gå til prioritert helsepersonell. I veke 2 sendte Stranda kommune ut ein nyttig informasjonsfolder til alle eldre. Denne og informasjon om vaksinering og framdrift blir heile tida lagt ut på kommuna si heimeside. Vi har i tillegg ringt eldre over 75 år eller deira pårørande for informasjon og tilbod om å bli sett opp på vaksinasjonsliste. Til no har vi berre motteke 84 dosar, og i veke 5 får vi kun 48 fleire. Merk: Tal på tildelte dosar er ikkje det same som tal på fullvakisnerte personar då same person skal ha to dosar med 3 vekers mellomrom Så det vil ta si tid. Vi har planlagt for ei stor opptrapping til massevaksinering for over 600 personar/veke men veit ikkje når tid og kva vaksinekvantum vi får..

Massevaksineringa vil bli eit stort og krevjande opplegg. Det kan bli mykje ekstraarbeid og helgearbeid, frå helsepersonell og støttespelarar både innanfor og utanfor den kommunale organisasjonen. Vi får mange spørsmål om når tid det er min tur? Som alle forstår må ein vere tålmodige og stole på at informasjonar vil kome etter kvart. Følg med på kommuna si heimeside, og info i Nyss.

Du mottek tekstmelding (SMS) på din telefon når det nærmar seg din tid for vaksinasjon, med informasjon om korleis du skal bestille time.

Kommuneoverlegen oppmodar alle om å gjere det dei kan for å ha best mogeleg kunnskap om koronavaksinen og motivere seg for å ta den! Er du i tvil om du av medisinske grunnar skal la deg vaksinere må du avklare dette med legen din på førehand. Aktuelle spørsmål kan vere omsyn til andre sjukdommar eller pågåande behandling. Hugs: å ta vaksinen er ikkje berre eit privat spørsmål om å beskytte eller ikkje beskytte deg sjølv og dine næraste. Høg og god vaksinedekning er avgjerande for at smitten i heile samfunnet skal kome under kontroll.

Håp: Kommuneoverlegen sluttar seg til håpefull uttale frå drosjesjåfør i Brasil: «Det er mitt håp at vaksinen KAN BEFRI OSS frå denne pandemien!» (høyrt på TV)