Lesarinnlegg:

Honnør, takk!

Geir S. Tandstad  Foto: Privat

Meiningar

So kom giroen likevel. Etter helga låg han jammen i postkassa, berre ei dryg veke etter ”medio januar”, slik Nyss hadde varsla. Og berre seks dagar etter fakturering og utsending i brevpost, levert av Posten Norge med sine sporadiske besøk, og framleis romslege fire dagar før forfall. For ein lette! Før helga hadde nemleg Polaris-konsernet sendt meg ein krass straumpost, der dei varsla stans i leveringa av den nystarta lokalavisa Nyss, sidan eg ikkje hadde gjort opp skulda mi.

Det vart sjølvsagt ei helg med dårleg søvn etter dette. Eg drøymde visst om både torpedobesøk og anna fælske. Korleis kunne eg kome meg ut av denne knipa? Rettnok tilbaud Polaris ei rask løysing på nettet. Det var berre å ”gå inn” der, bestille og betale for eit månadsabonnement, eitt av tre typar; Digital, Komplett eller Ung. Eg bestemte meg likevel for å vente og sjå det an, for det var då ikkje slik Nyss hadde informert om at det skulle eller måtte føregå. Og neste avisa kunne eg saktens kjøpe i laussal på butikken i Straumgjerde, viss ho mangla i postkassa.

Heldigvis kom altso løysinga etter helga. Og etter kvart kom det meir med; forklaring, orsaking og lovnad om bot og betring heretter. Sjølvsagt fyrst på nettet, sidan i onsdagsutgåva av Nyss. Sjølvaste redaktøren står fram med eit alvorleg og nesten trist ansikt, med stram munn inni skjegget. Og det viser seg då at trønderane, som vanleg, har mesteparten av skulda. Ikkje har dei tempo nok i arbeidet sitt til å halde fristar, og heller ikkje har dei greie på pengar og kostnadar, slik at dei skriv ut rekningar med lågare prisar på ei vare enn det sunnmøringane vil ha seg betalt for. Det siste vart eg likevel litt i tvil om, då eg såg at berre sykkylvingane har fått feil beløp på giroane sine, ikkje strandarane. Er det fyrste pretta mellom grannane, etter samanslåinga av lokalavisene, vi anar her? Er strandarane misnøgde med eit kvart – kven som fekk redaktøren, og kvar avislokala ligg, kanskje? Vi får sjå, og elles berre håpe at alt ordnar seg og blir på stell snart.

Men so var det dette med ulike typar abonnement. Eg har inga innvending mot at Nyss prøver å lokke til seg unge lesarar med eit moderne, tilpassa nettabonnement med lågare pris. Det er vanleg no. Men i hin enden av aldersskalaen er det òg folk med ynske om å halde seg nokolunde oppdaterte om kva som røyver seg i grendene våre, og som då gjerne vil abonnere på ei ny, felles lokalavis, etter å ha vore trufaste abonnentar av Sykkylvsbladet eller Sunnmøringen i lang tid. Framleis finst det ein del slike lesarar som betalar ein solid overpris for abonnementet sitt, fordi det berre er papirutgåva av avisa dei sjølve kan nytte seg av. Det å ”gå inn” på ei digital utgåve på nettet er heilt uaktuelt – og det finst det faktisk mange forståelege grunnar for, som må respekterast. Papiravisa får ein berre med dyraste abonnementet, Komplett, men må då betale for alt digitalt avisstoff på nettet i tillegg.

Eldre folk er elles vane med å måtte gå ut, når dei vil lese avisa, for å hente henne i postkassa fyrst. Og etter ein halvtime med avisa i godstolen, når t.d. middagsdøsen kjem, slepp ein å kippe seg når avisa sig sakte ned på fanget. Mykje verre er det å bråvakne av at smarttelefonen eller nettbrettet deisar i golvet, når ein duppar av, og ein berre kan håpe skjermen ikkje knuste med. For ikkje å snakke om kor slitsamt det er å lese nettavis med telefonen i eine handa og ei lupe i hi.

Av og til kjem eg på at eg nærmar meg faretruande alderen for å få honnørbillett på offentleg transport. Eg gruar meg litt, sjølv om det ikkje er noka skam, men meint som ei fortent påskjøning for aldersstatus. Det er heller ikkje so beinsmia å klare å kome seg på og få fylgje transporten, sidan all betaling skal føregå med ”æppar” og vipsing i lause lufta og framvisast på telefonskjerm til automatar som berre les kråketærbilete. Nei, det er ikkje alt som er lettvint og tilpassa folk i honnøralderen. Verst blir det viss vi må til å betale med kryptovaluta, som er nesten umogleg å forstå kva er. Eg håpte at t.d. bitcoin var ein metallmynt som kunne bitast i, slik dei gjorde i gamle dagar for å teste om mynten var ekte. Men nei, det er heller omvendt; ein usynleg og digital-uttenkt verdi som kjeltringar på nettet prøver å svindle oss med – von dess! Og utanlandske storkonsern vil gøyme mengder av digre datamaskiner inni fjellhallar i Noreg, der dei kan tenkje ut og lagre so uhorveleg store talverdiar at normale menneske ikkje forstår noko. Krafta vil dei kjøpe med grønt sertifikat frå reine, norske fossar, skryter konserna av. Heldigvis trur eg at verken Sykkylven Energi eller Stranda Energi rår over fallrettar nok til å selje seg bort til slike spekulantar.

Men altso, Nyss; kva med eit tilpassa abonnement for dei som absolutt ikkje vil ha noko anna enn papiravisa – litt til ære, litt til fornuft? Honnør, takk!