Ikkje uventa har det vore stort engasjement i samband med at Rema vil etablere seg ved Kaitrappa på Aure. Eit spektakulært bygg som likna på operahuset i Oslo var oppe til handsaming i Nærings- og utviklingutvalet (NU) sist måndag. Med sju mot to røyster gjekk utvalet inn for at administrasjonen i Sykkylven kommune skal halde fram samarbeidet med REN Sykkylven AS som eig Rema-tomta ved sjøfronten. Etter gjeldande godkjent reguleringsplan kan Rema bygge inntil fire etasjar, men deira planar går ut på å bygge berre ein etasje.
Dagens kommentar:
Positive signal til Rema-bygget
Rema: Nærings- og utviklingsutvalet stiller seg positive til at Rema får etablere seg ved Kaitrappa på Aure. Foto: Illustrasjon: Kibsgaard-Petersen
Meiningar