Lesarinnlegg:

Informativt og vakkert om gardar langs fjorden

Sunnmøre Live har presentert ein reportasjeserie til fleire av fjordgardane langs Storfjorden. Det vart litt av ei reise. TV-sjåarane fekk høyre om livet på desse avsidesliggande, veglause buplassane, fortalt av personar som sjølv har budd her, eller historiar dei hadde fått fortalde frå brukarane som levde her før dei. Og ikkje minst; kjentfolk frå Storfjordens Venner, som var inviterte med på ferda. Snakk om å leve seg inn i stoffet!

I prat: Programverten Frank Sekkeseter her i samtale med Bjørn Inge Smoge.   Foto: Sunnmøre Live

Meiningar

Frank Sekkeseter tok oss med til seks gardar; Furstranda ytst ved Storfjorden, Ytste Skotet litt lenger inne, Smoge ved starten av Sunnylvsfjorden, Åkerneset på hi sida, den grøderike Matvika ved innløpet til Geirangerfjorden, og til sist Skageflå, der storfjordvenene for snart 40 år sidan starta serien av restaureringar av bygningar langs Storfjorden.

Totalt er det investert mellom 25 og 30 millionar kroner.

TV-serien slo tidleg fast at kvardagen bar preg av hardt arbeid for ung og eldre, og like sterkt streka under at det er urett å snakke om fattigfolk. Som det vart sagt: Her budde ur-sunnmøringen, - full av tiltakslyst, arbeidsmoral, evne til å nytte ut vilkåra der dei fanst.


Bjørn, geiter og gris

Vi fekk forteljingar om den første smia, og høyre om garden med sine 19 bygningar, om den siste bjørnen som i 1910 vart skremd til fjells, grisebonden som ala fram 54 dyr og frakta slaktet på taubane, og garden med 150 geiter og årlege avlingar av aprikos og andre typar frukt. Vidare om hyllegarden over flogbratte fjellsida, der ungane vart firte ned for å berge geiter frå skorfeste, og sjølv vart heiste opp «dinglande i tau over fjorden».


Fleire historiar

Ein framifrå vakker og informativ programserie. Det vil undre meg om ikkje Sunnmøre Live alt har oppfylginga på blokka. Der finst fleire gardar - og fleire historiar. Den siste vart fråflytta i 1961.

Naturen er like vakker over alt, til glede også for personen bak kameraet.