Mi driftsingeniørstilling for Siesta-møblane i Sykkylven, førde til eit møbel- og maskinmessebesøk i Hannover.
I ein antikvitetsbutikk vart eg storleg forbausa då eg fann eit norsk kart med tittel:
“Deutsche Heereskarte. Nicht für die Offentlickeit bestimmt. Luftwaffenmeldenetz. Herausgegeben im Auftrage OKH, Gen.St.d.H. Chef des Kriegskarten- und Vermessungswesens 1940”.
Odd Karstein Fløtre Foto: Privat
Eit svært detaljert “Hitler-krigskart”, laga for 80 år sidan. Med påteikningar om: Feldweg, (Fjellveg). Privat Fahrweg, (Privat køyreveg). Fischerhütte, (Fiskerbod). Gut, (Gard, små raude prikkar). Berghütte S.r, (Berghytte-Sæter). Legg merke til Sr - påteikningane på biletet. (Prikk under r-en).
Drotninghaug, er skrive Drotninghang. Namna Bolten, Skruen, Risenosa, Skjorp og Oje er kanskje litt ukjende. Truleg hadde Luftwaffe-flygarane som landa i Velledalen eit slikt kart i flyet. Eit utruleg detaljert kartarbeid. Frå tida før data var funne opp.