Lesarinnlegg:

Sjøfronten på Aure: No er det alvor!

Skribentar: Hallstein Lillevik (t.v.), Nils Einar Rye og Geir Hofset  Foto: Christine Fohlin Verneland

Meiningar

Sjøfronten er på sakskartet att. Snart risikerer dei folkevalde i Sykkylven å gi frå seg råderetten over eit unikt område med eit like eineståande potensiale for trivsel for dei mange og ikkje dei få: Sjøfronten på Aure.

Klare premissar

I år som i fjor er premissane klare: Ren Sykkylven AS, som skal etablere Rema 1000-butikk i bygda, kjøpte i 2008 ei tomt på 2,9 dekar rett vest for rundkøyringa ved kyrkja – mellom kaitrappa og volleyballbana. Men tomta er visst ikkje eigna for ein kolonialbutikk. For å rette opp det som vel må fortone seg som eit tabbekjøp, har selskapet foreslått ein bytehandel som gjer det muleg å bygge på nabotomta. Denne er i dag eigd av Sykkylven kommune. I retur skal kommunen gjennom ein makebyteavtale få disponere eit såkalla «operatak». I tillegg skal delar av tomta Rema eig i dag – tabbekjøpet – kunne brukast til offentlege parkeringsplassar. Til Nyss 29. januar uttalar dagleg leiar Magne Jan Vik i Rema Etablering følgjande: «Sjølve bygget vil kome inn på kommunen si tomt, medan delar av dagens Rema-tomt blir gjort om til offentleg parkeringsplass, grøntanlegg og lynladarar for elbilar». Når Vik seier «kome inn på», er vel det ei ikkje så lita underdriving. For faktum er vel at heile butikken vil ligge på kommunen si tomt, og dermed dele det kommunale området i to.

God bytehandel?

Sykkylven kommune skal altså byte bort ei fantastisk tomt, og fantastiske framtidige utviklingsmulegheiter, mot å få anlegge offentlege parkeringsplassar på delar av «samarbeidspartnaren» sitt opphavelege areal. Parkeringsplassane og dei lova lynladarane kjem vel like mykje kolonialbutikken Rema til gode som det offentlege; dei vil jo få eit stabilt tilsig av kundar som vil trenge både parkering og straum. Neppe dumt i ein konkurransesituasjon. Dessutan vil Rema 1000 få ein kolonialbutikk på ei av dei mest verdifulle og attraktive tomtene i Sykkylven. Inga dårleg investering det heller. Apropos konkurranse: Nokon er svært urolege for at politikarane skal gjere disposisjonar som kan påverke konkurransesituasjonen i den lokale kolonialmarknaden. Vår påstand er at det er nettopp det dei kjem til å gjere om dei går inn på ein makebyteavtale med Rema 1000.

Rema-systemet står sjølvsagt heilt fritt og er i sin fulle rett til å forfølgje sine eigne interesser i denne saka. Det er ikkje deira feil at Sykkylven kommune i si tid selde arealet selskapet no eig, til private interesser utan å sikre seg ein klausul om tilbakekjøp. Men det at kommunen gjorde noko dumt ein gong, treng ikkje bety at ein skal gjere noko dumt ein gong til. Rema 1000 eig ei tomt på 2,9 dekar. Vi foreslår at dei innstiller seg på å klare seg med denne. For det kan då vel ikkje vere ein hardt plaga kommune som skal betale for at matvaregiganten har kjøpt katta i sekken? For det må dei vel ha gjort, all den tid dei ikkje har bygd på ei tomt som dei har eigd i tolv år? Kva har hindra dei? Har Rema sin strategi vore å kjøpe tomta for å kunne bruke den som eit bytemiddel for å få hand om eit endå meir attraktivt område?

Best med «operahus»?

Gjeldande reguleringsplan opnar for bygg på inntil fire etasjar i området, og i møtet i nærings- og utviklingsutvalet 25. januar, vart det i følgje Nyss understreka at det er betre «å få eit operahus på ein etasje enn eit høghus på fire». Men då må det i sanningas namn opplysast at eit eventuelt «høghus» vil bli liggande ein annan stad – nemleg i utkanten av det store området, og ikkje midt på den aller mest attraktive delen av det, slik eit «operahus» vil kome til å gjere. Det er etter vårt syn utruleg at ikkje politikarar ser den openberre forskjellen.

Rema 1000 skal ha gjort det klart at dei ikkje vil selje si tomt tilbake til kommunen. Nei vel, seier vi då. Og vi legg til: Bli endeleg verande! Bygg! For alle del! Men bygg på dykkar eiga tomt. Fire etasjar? OK! Bring it on! Så kan Sykkylven kommune i fred og ro planlegge korleis fellesskapen best kan bruke kaiområdet. Det er nemleg kommunen – altså vi som bur i Sykkylven – som eig dette.

Men det er visst ikkje den dominerande haldninga til Nærings- og utviklingsutvalet. Der vedtok nemleg fleirtalet, stadig i følgje referatet i Nyss, å be administrasjonen gå vidare inn i eit samarbeid med Rema. Eit av argumenta var at forslaget ikkje var «så hakkande gale».

Tvangssituasjon?

Vi må verkeleg spørje: Er Sykkylven kommune i ein tvangssituasjon i forhold til Rema 1000? Er angsten for eit fire etasjes bygg i utkanten og bortanfor kaiområdet så stor at ein er villeg til å gi avkall på det store og løfterike arealet som openberra seg då vi endeleg vart kvitt godsterminalen? Det undrar oss storleg at ikkje fleire enn to representantar gjekk for Trond Bonesmo (H) sitt alternative forslag i møtet til NU. Han meinte dei kommunale tomteareala må sikrast for framtidig offentleg bruk. Det meiner vi også. Ein treng berre kaste eit raskt blikk på kartet for å sjå at eit «operahus» drastisk vil redusere kommunen og fellesskapen sine mulegheiter til å gjere noko meiningsfylt med restarealet.

Og no er vi ved kjernen av det som skal avgjerast av kommunestyret: Er ein verkeleg villig til å gi frå seg råderetten over kaiområdet? Nokon snakkar om at kommunen manglar økonomiske musklar til å utvikle sjøfronten. Eit slikt synspunkt bygger på ein premiss om at noko skje i dag, og helst burde skjedd i går. Det verkar som om der rår ein frykt for at ting ikkje skal gå fort nok, som om det å vente er synonymt med å ikkje vere framoverlent nok, for å bruke eit nyord som på rekordtid har blitt ein floskel.

Lite forpliktande

Den panegyriske hyllinga av Rema sitt forslag er basert på ei vakker, men akk så lite forpliktande skisse i duse fargar, i tillegg til ulike freistande innspel om kva andre gode ting som kan vere aktuelle å gjennomføre om berre kommunen vil «samarbeide». Her er ingen verkeleg konkrete opplysningar som beviser at røyndommen faktisk kan bli slik den vakre teikninga viser. Og lat oss få sitere frå kommunaldirektørens saksutgreiing til møtet i nærings- og utviklingsutvalet den 25. januar: «Forslaget frå Rema er på skisse/idéstadiet og viser til ein mogleg (vår utheving) utnyttingsmåte der ein søkjer å kombinere ulike interesser. Ingen formelle tilhøve er avklara.» Nettopp. Så konkrete er altså Rema 1000-planane. Dette er grunnlaget som kommunestyret skal fatte vedtaket sitt på.

Apropos freistande innspel: Rema tilbyr visstnok kommunen å få disponere skråtaket på kolonialbutikken. Men har fellesskapen midlar å legge i dette, med utsmykking, sikring, osb? I så fall foreslår vi ein annan måte å bruke desse midlane på: Sei nei til Rema 1000, stell til området på midlertidig basis – inntil kommunen har bestemt seg for korleis dette felleseiget skal disponerast i framtida.

Alternativt: Denne skissa, utarbeidd av Lala AS er berre ei av svært mange som følgjer saksutgreiinga til kommunedirektøren om Sykkylven Sjøfront. Den er eit eksempel på at det finst alternative måtar å tenke seg korleis dette flotte området kan sjå ut i framtida.  Foto: Lala AS

Alternative forteljingar

Å kommunisere er å fortelje. Det siste året er det ei forteljing som har fått overtaket i den offentlege samtalen rundt sjøfronten i Sykkylven, nemleg Rema si. Men her er faktisk alternative måtar å sjå verda (les: kaiområdet) på. I løpet av prosessen har Sykkylven kommune gitt arkitektfirmaet Lala AS i oppdrag å utarbeide skisser til korleis kaiområdet kan sjå ut – med og utan Rema-butikk. Javisst, det er berre skisser, men dei er faktisk meir konkrete enn Rema si teikning. Dei viser eit vell av alternative utnyttingsmåtar som ikkje let ein privat aktør dominere heile området. Dokumentet heiter «Mulighetsstudie Sykkylven Sjøfront», og er å finne på www.sykkylven.kommune.no. Her finn vi også ei mengd inspirerande fotografi frå andre stader i landet som har hatt tilsvarande utfordringar med korleis sjønære offentlege areal kan formast og brukast av fellesskapen. Vi synes det er svært synd at desse alternative idéane ikkje har vore meir framme i diskusjonane blant politikarar og bygdefolk – i lokalpressa, i sosiale medium og andre stader der folk møtast.

Kva no?

Vår sterke oppmoding til kommunestyret er enkelt og greit denne: Bestem dykk for å ta vare på sjøfronten! Ikkje berre på vegne av kommunen, men på vegne av oss innbyggarane. Ikkje berre på vegne av notida, men på vegne av framtida! Nokon vil ha park og torg der. Andre ser føre seg offentlege bygningar, som symjehall og rådhus. Kva som blir den langsiktige løysinga er opp til framtida å avgjere; det viktigaste no må vere å sikre handlingsrommet vi har i dag, og som vi risikerer å misse dersom dei folkevalde vel å samarbeide med Rema på Rema sine vilkår.

Kommunestyret anno 2021 si oppgåve må først og fremst vere denne: Å hindre at potensialet til dette fantastiske området krympar medan kolonialbutikken veks. Det handlar om å halde opa døra for framtida, ikkje lukke den for kommunen sine mulegheiter til å forme sjøfronten til beste for alle sykkylvingar – for fellesskapen av oss som bur her i dag og dei som skal bu her i framtida.

No er det alvor.