Dagens kommentar, 03 februar 2021:

Ferjebillettprisane nok ein gong

Halvering: Ap sin gruppeleiar i Sykkylven, Hans Petter Brunstad Sørensen (t.v.) og Per Vidar Kjølmoen, som er Ap sin 1. kandidat i Møre og Romsdal, har fått partiet sitt sentralstyre med på at ferjebillettprisane skal bli halverte.   Foto: Privat

Meiningar

Arbeidarpartiet sin 1. kandidat i Møre og Romsdal, Per Vidar Kjølmoen seier at ein viktig grunn til at billettprisane på ferjene har auka dei siste åra er regjeringa si omlegging av inntektssystemet for fylka, som Ap røysta imot. Men no har Kjølmoen og gruppeleiar i Sykkylven Ap, Hans Petter Brunstad Sørensen stått fram i pressa og forkynt at dei vil halvere ferjebillettprisane over heile landet, noko sentralstyret i partiet har velsigna før det blir gjort endeleg vedtak på landsmøtet i april. Ap går inn for at kostnadane med å halvere billettprisane som er på 1,4 milliardar kroner, skal regjeringa finne løyvingar til.