Lesarinnlegg:

Det må ikkje skje!

Hildur Lillevik 

Meiningar

Eg vil ikkje selge eigedomen min til Rema.
Politikarane i Sykkylven må ikkje gje frå seg arvesølvet mot ein stor REMA butikk med bua grastak og ei fin skisse!
Rema kjeda veit kva dei held på med.
Dei handterer politikarane våre på line med småborn som må velge mellom ein grønsak eller ein pose med smågodt.

Eg vart så skuffa over vedtaket gjort av NU 25.januar 2021, at eg bestemte meg for å rope NEINEINEI - det må ikkje skje!
Framlegg til vedtak i NU vart jamvel fremja av Sp, som eg hittil har trudd skulle stå for berekraftig utvikling, kortreist mat og vern av grøne verdiar ?
Her blir det i motsett retning, lagt til rette for at ein gigantisk privat aktør får tilgang til indrefilèten av den vakre Sykkylvsbygda.
Ikkje lat dokke lure!
Å byggje ned sjøkanten har vi gjort før. Det ligg industribygninger på kvart nes og vik rundt fjorden vår.

Sett i perspektivet heilskapeleg utvikling av kommunen, er det naturleg å spørje kva som kan bli unikt. Kva har vi i Sykkylven som dei ikkje har i nabokommunane ?
Vi har nyleg skaffa oss ein sjøfront som ikkje er nedbygd. Det er unikt !

I vedtaket frå NU står det innleiingsvis at «Nærings- og utviklingsutvalet held fast ved at arealet på godsterminaltomta skal nyttast til utbyggingsføremål, jfr.reguleringsplanen …»

Det er enno håp!

Håpet står og fell på Kommunestyret som øverste bestemmande organ i kommunen.
Regulerings- og Kommuneplanar står ved lag inntil Kommunestyret gjer noko med dei;

Viser til lovteksten i Plan og bygningslova § 34-2. fjerde ledd: «Gjeldende fylkesplan, kommuneplan, herunder arealdel av kommuneplan, reguleringsplan og bebyggelsesplan gjelder inntil de blir endret, opphevet, erstattet eller satt til side av ny plan etter denne lov.»

Barn og barnebarn er arvingane

Har de spurt komande generasjonar om kva dei vil ha ved sjøfronten av sentrum?
Har de gitt lærarane ved Ungdomsskulen og Vidaregåande skule i oppdrag å lage tema om sentrumsutvikling for å skape engasjement og eigarskap til utvikling av eiga bygda?
I Plan og bygningslova § 3-3, 3.ledd står at «Kommunestyret skal sørge for å etablere en særskilt ordning for å ivareta barn og unges interesser i planleggingen»
Eitt av mine barnebarn, Bjarki på 6 år, sa nyleg at når Koronaen er over, då blir det fest for heile bygda - og den festen skal vere der som bokstavane står!

Ikkje la ressurssterke initiativtakerar gi opp og resignere!

Krefter har vore i sving for å vise at den opne sjøfronten er flott som den er, eller at den bør nyttast til noko som er til glede for alle innbyggjarane, og som kan gjere oss stolte. Det treng ikkje skje no, Det kan liggje disponibelt for framtida. Det koster ingenting å la arealet stå opent inntil vidare. Det er varige verdiar!