Onsdag hadde Nyss ein reportasje om at kloakken frå mindre fartøy og ferjer går rett i Geirangerfjorden. Etter nye lovendringar frå Sjøfartsdirektoratet er Stranda hamnevesen KF og hamnesjef Rita Berstad Maraak no i full gang med å finne ei mellombels løysing på desse utsleppa, gjeldande frå 1. januar 2024. Med tanke på klimamålet om nullutslepp i lufta og forureining i sjøen, som til dømes plast, er det ikkje vanskeleg å forstå at det er mange som stiller seg undrande til at det framleis er lov å sleppe ut kloakk i sjøen frå ferjene som kryssar fjordane våre. Faktisk kan ei ferje sleppe ureinsa kloakk når den er minst 300 meter frå land.
Dagens kommentar 5. februar 2021
Problem med kloakkutslepp
Kloakkutslepp: Hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda hamnevesen KF er i gang med å finne ei mellombels løysing på kloakkutsleppa. Foto: Privat
Meiningar