Dagens kommentar, 10. februar 2021:

Betre samspel om avhending av søppel

Fulle konteinarar: Frå avfallspunktet ved Ringstadsætra i haust.   Foto: Bjørn Skaar/Tore Paulsen

Meiningar

Eit betre samspel mellom hytteeigarane, hytteforeiningane, Stranda kommune og Årim må til dersom det skal bli slutt på at det flyt over av søppel mellom anna ved avfallspunktet på Ringstadsætra. At det blir kasta møblar, kvitevarer og anna rusk og rask, er på ingen måte akseptabelt. Storparten av dette avfallet skal til Kjølen Miljøstasjon for sortering. Det vert hevda at det vart eit ekstra problem då avfallspunktet ved Fursetelva vart flytta til Ringstadsætra. Sidan det stadig blir fleire hytter på fjellet, var kanskje dette ei tvilsam avgjersle.