Per Vidar Kjølmoen i fokus

Øyvind Utgård: – Vi blir ikkje blenda av fagre løfte.  Foto: Privat

Meiningar

Per Vidar Kjølmoen spør i eit lesarinnlegg i Nyss kva som er negativt med halverte ferjetakstar.

«Forslaget er blitt møtt med nærmast unison begeistring blant folk og næringsliv langs hele kysten», skriv han.

Vel, og opphøge seg sjølv til både gud, frelsar og den heilage ande i ei og same vending er eit vanskeleg prosjekt som dei færraste av oss klarer å gjennomføre. Det klarer heller ikkje du, Per Vidar Kjølmoen med forslaget ditt.

For det er sjølvsagt ikkje lågare ferjetakstar vi er negative til. Vi er berre skeptiske. Denne nasegruse hyllinga av eige forslag, som Kjølmoen i tillegg prøver å framstille som om det allereie er gjennomført, er det mange pendlarar som ikkje er med på. Og det er sårt for Kjølmoen, ser det ut til.

At Ap stemmer for å auke takstane i fylkestinget, fordi ein meiner der er for lite pengar. Dette skjønar eg logikken i. At ein etterpå går ut og vil halvere takstane gjennom å bruke Stortinget og statlege midlar, ser eg også logikken i. Det eg ikkje skjønar, er kvifor Ap ikkje tek denne saka til Stortinget allereie no. Det må uansett skaffast politisk fleirtal for ei slik halvering, enten det vert gjort no eller etter valet. Kvifor vente?

Er det då verkeleg fleirtal i Ap-leiinga for å vedta dette i partiprogrammet? Og får Ap med seg Stortinget? Ifølge dei Ap-representantane TV2 har snakka med, er svaret nei. Skal ein gå ut med ein slik bastant lovnad, bør ein vere temmeleg sikker på å få fleirtal i alle fall i eige parti, og etter kvart også i Stortinget. Det er nemleg ikkje nok å håpe eller meine eller tru at ein får fleirtal for ei sak. Det held i alle fall ikkje for oss som pendlar og som seinare i år skal gi frå oss stemme ved stortingsvalet. Og korleis kan Kjølmoen satse så friskt ut frå hoppkanten med eit løfte som ikkje er godkjent verken i Ap sitt sentralstyre, i programkomiteen, eller i Ap si stortingsgruppe, ifølge nyheitene på TV2, kl. 21.00 måndag 8. februar? At dette til slutt eventuelt skal avgjerast av landsstyret til Ap i april, og som ingen veit utfallet av enno, gjer heile prosjektet til Kjølmoen og co til eit endå meir usikkert forslag. For at Ap i Møre og Romsdal, med Kjølmoen i spissen, ikkje skal lande på kulen, bør dei i det minste få med seg sitt eige parti og få fart på saka, før ho forlèt hoppkanten. Viss ikkje, dett saka så vidt utfor hoppkanten og blir der liggande. Og då har eg enno ikkje skrive at ikkje ein gong Ap sjølve veit kor mykje denne halveringa av ferjesatsane kjem til å koste staten!

Per Vidar Kjølmoen, eg kjenner ikkje ein einaste pendlar som er imot lågare ferjetakstar. Du vil ha det til å at vi pendlarar er surmaga, som du skreiv i ein annan debatt på nettet. Vi er ikkje imot lågare ferjetakstar, Kjølmoen. Vi likar berre ikkje å bli diktert kva vi skal stemme og vi likar ikkje ultimatum. Og vi likar heller ikkje lovnader som kjem rett før eit val. Spesielt ikkje om saker som kunne ha vore løyst lenge før valet. Då luktar det valflesk, noko vi heller ikkje er begeistra for. Vi likar generelt ikkje slike lovnader, for vi har høyrt dei før. Og vi trur heller ikkje på dei. Senterpartiet, med Kristin Sørheim i spissen, lova gratis ferjer før sist val, Frp skulle fjerne alle bomstasjonar, Kristin Halvorsen (SV) skulle i si tid fjerne all fattigdom i Norge med eit pennestrok. Ingen av desse lovnadane vart gjennomført. Denne lovnaden om halverte ferjeprisar er akkurat like lite truverdig. Det er derfor eg ikkje likar innspelet. Og ingen ting anna. Dette handlar ikkje om kva Frp har eller ikkje har gjort. Eller om ein avisredaktør er samd med deg eller ikkje. Dette handlar om å halde oss som er pendlarar for narr. Du vil at vi skal henge gullmedaljen rundt halsen din og kysse deg, før du har starta å springe. Og i Sykkylven deler vi ikkje ut gullmedaljar før ein i alle fall er halvvegs oppe på oppløpssida og helst ikkje då ein gong. Ein bør ha vunne først.

Vi er trauste sykkylvingar som produserer møblar. Vi trur ikkje det finst stolar, før det står minst to framføre oss og som det går an å sitje i. Vi blir ikkje blenda av fagre løfte. Derfor trur vi ikkje på slike valløfte. Du vil ha unison tilbeding og tankelaus forguding, Kjølmoen, og meiner heile kommunen burda ha feira med kake og portrettintervju og gud veit kva. Ja, du skal til og med diktere pressa til å skrive det du vil. Lukke til med det!

Så du får unnskylde meg om ikkje eg ropar halleluja, pris Herren og Per Vidar Kjølmoen. Det er ikkje sikkert eg kjem til å gjere det om ferjetakstane verkeleg blir halverte ein dag heller. Men OM det skjer, då skal Ap i alle fall få den anerkjenninga dei fortener frå meg. Men ikkje før …