Lesarinnlegg:

Då eg trudde at det ikkje kunne bli verre

Olav Harald Ulstein (Frp): – Kjølmoen lirer av seg ein tirade av usaklegheiter. 

Meiningar

Fredag 5. februar har Per Vidar Kjølmoen eit lesarinnlegg, der han tar eit oppgjer med redaktør Frank Kjøde i lokalavisa Nyss. Kjølmoen sin misnøye har sitt utspring i at redaktøren stiller nokre kritiske spørsmål til eit forslag frå Arbeidarpartiet ved Kjølmoen og Sørensen, som stod på trykk onsdag 3. februar.

Møre og Romsdal Arbeidarparti lanserte der med brask og bram at Ap no skulle garantere å halvere ferjetakstane på alle samband, i heile landet.

Dette stemmer svært dårleg med Arbeidarpartiet si handtering av saka på fylket. Kjølmoen og Ap på fylket har stemt imot alle forslag om å redusere ferjetakstane, og dei hadde heller ikkje aning om korleis dei skulle finansiere løftet. Det er Ap og Kjølmoen som har auka ferjetakstane, og det er dei som har makta til å redusere dei. Å skulde på regjeringa for underfinansiering blir for dumt når fylket går med gigantisk overskot. Sanninga er at Kjølmoen og resten av fleirtalet på fylket valde å bruke pengar på opera og svindyre bypakkar, i staden for å sette ned ferjetakstane.

Med det som bakteppe var det ikkje det minste rart at redaktør Kjøde stilte nokre kritiske spørsmål. Kjølmoen, og Arbeidarpartiet er nok ikkje vande med at det i den blodraude horden av redaktørar finn ein som stiller kritiske spørsmål ved eit slikt utspel.

Kjølmoen lirer av seg ein tirade av usaklegheiter om at Kjøde har politisk slagside og at redaktøren sin retorikk er til forveksling lik Frp sin retorikk. Det er ikkje første gongen Arbeidarpartiet prøver seg på slikt lågmål, vi hugsar alle den gongen Ap ikkje ville stille til valduell dersom Frank Kjøde skulle leie debatten. Dei ville heller ha ein politisk nøytral person, og peika på Leonard Vårdal som eit alternativ. Korleis ein mangeårig SV-politikar kan vere politisk nøytral må ein vere langt inne i Ap-systemet for å forstå.

For å demonstrere tåpelegheita i Kjølmoen sine påstandar om redaktøren si politiske slagside kan ein bla nokre sider fram i same utgåve av Nyss. Der finn vi ei heil side med ein fin artikkel om Hans Petter Sørensen, Sykkylven Ap, og hans forslag om å selje kommunale tomter for 1.000 kroner per stykk. Kven har skrive denne artikkelen? Jo, det var redaktør Frank Kjøde. Slik har Sørensen og resten av Sykkylven Ap fått løfta fram sine saker og synspunkt tallause gonger. Dei aller fleste av desse sakene er ført i pennen av redaktøren i Nyss.

Heile det politiske livet i Sykkylven bør vere sjeleglad for redaktøren si vilje til å stille på alle kommunestyremøte og nesten alle formannskapsmøte for å referere frå møta.

Det var heilt på sin plass at redaktøren stilte kritiske spørsmål, og no har han fått svar frå uventa hald. No viser det seg at også Arbeidarpartiet sjølv er kritisk fordi forslaget ikkje er godkjent av partiapparatet. Berre fire dagar etter redaktøren sine kritiske spørsmål, er Jonas Gahr Støre på bana og skyt ned heile forslaget. No er det ikkje lenger ein garanti om halv pris på ferjene, men ein lovnad om å arbeide for å redusere takstane på enkelte samband. Kjølmoen hadde etter eige utsegn venta at heile kommunen skulle feire dette forslaget med kake. Det kakestykket trur eg han no får i vrangstrupa.

Det er ikkje andre enn Arbeidarpartiet som kan rote det slik til for seg sjølv.