Dagens kommentar, 12. februar 2021

Nytt ferjeopprør?

Ferjetakstar: Ap-leiar Jonas Gahr Støre er usikker korleis han skal handsama billettprisane på ferjene.  Foto: PETER MYDSKE

Meiningar

I fjor på desse tider var ferjeopprøret eit faktum. Senterpartiet snudde i fylkestinget, og sa ja til å kutte i ferjetakstane etter det vart fremja forslag om å auke prisane med to takstsoner. I forkant av opprøret hadde opposisjonspartia Framstegspartiet og Høgre protestert høglydt, og kom samtidig med kraftig kritikk av fylkesadministrasjonen. Dåverande økonomisjef i fylket, Willy Sægrov, la i oktober 2019 fram tal som viste at fylket så vidt ville klare å gå med overskot. Men då resultatet endeleg kom på bordet, viste det eit overskot på 313 millionar kroner.