«Heldigvis teller ikke din mening, Tandstad!»

Punkt og prikke: Lars Longva frå Sykkylven reagerer på at ein drosjesjåfør frå Vigra mista sertifikatet på grunn av eit nytt EU-direktiv.  Foto: Arkiv

Meiningar

Det var trist å lese om lagnaden til drosjesjåfør Bjørnar Roald i Sunnmørsposten for ikkje lenge sidan. I strid med all fornuft, testing, vurdering av augelækjar og 30 års prikkfri køyring, misser han sertifikatet, jobben – ja, på mange måtar det livet han lever i dag. «Dette er rett og slett brutalt», sa den 48 år gamle mannen på Vigra. Grunnlaget for avgjerda er at han har ein medfødd synsfeil, som til no ikkje har hatt noko å seie i praksis. Fylkeslegen viser til ei innskjerping som følgje av endå eit EU-direktiv, og vil elles ikkje meine noko i denne saka. - Og no kan me lese i den same avisa at dommen er endeleg, statsråden vil heller ikkje meine noko, eller overprøve direktivet.

Ein god ven og tidlegare kollega fortalde ein gong om ei oppleving frå militæret på 70-talet. Geir Tandstad var allereie då ein høgst oppegåande mann med praktisk erfaring frå gardsdrift. Ein dag det skulle gravast ei grøft, prøvde han seg frampå med eit godt råd til ein sokalla lavare leiar i troppen. Praktiske råd var det likevel ikkje rom for på planen denne dagen, her handla det om å følgje bokstaven for å få oppdraget gjort og godkjent. Dette fekk menig Tandstad beskjed om, med denne sluttreplikken: «Og heldigvis teller ikke din mening, Tandstad!»

Det denne lavare leiaren i forsvaret neppe visste den gongen, var at organiseringsmodellen han presenterte allereie då var heilt i front, og at han sjølv rett og slett var ein føregangsmann!

På mange felt lever me i dag i eit regime der praktisk kunnskap, erfaring, sunn fornuft og empati heilt er nulla ut. Når dei som skal styre heller ikkje vil styre, meine noko eller rette opp feil, er me ille ute.

Sjølv har eg bakgrunn frå skulen, der me for lenge sidan fekk beskjed om at det ikkje var rom for synsing der i garden. Skulen er ei verksemd ein driftar etter bestemte prinsipp, som igjen gir bestemte resultat. Ein skal ikkje bry seg om å meine noko, verken om prinsipp eller resultat. Følgjer og oppfyller ein programmet, får ein godkjent. Eit døme frå ein skule ein annan stad i landet illustrerer tankegangen. Ein elev sende inn ei klage på standpunktkarakteren i eit fag. Problemstillinga blei då: Har læraren i si undervisning vore innom alle kompetansemåla for faget? Kan ho/han ikkje dokumentere det på ein overtydande måte, har ein å gjere med ein feil i systemet. Dermed får eleven medhald og betre karakter, uansett eigen kompetanse. Det einaste ein ønskjer å kontrollere er om læraren har gjort ein feil i forhold til systemet/programmet.

Mykje av det same gjeld også i helsesektoren, ikkje minst i omsorgstenestene. Det som trass alt bergar det prinsipp- og målstyrte systemet, er den menneskelege faktoren; at menneske som møter menneske likevel vil ta praktiske, medmenneskelege omsyn som byggjer på kunnskap og erfaring.

Når til dømes praktisk kunnskap og lang erfaring frå undervisning i eit fag ikkje held, om ein ikkje har den rette utdanninga i faget frå universitet eller høgskule, er dette døme på det same: Nullstilling av alt som heiter erfaring og praktisk kunnskap. Når ein fagmann som kanskje har mura 100 piper ikkje har lov til å gjere det lengre, fordi han ikkje har hatt det siste kurset, eller ein privatperson snart ikkje har lov til å gjere nokon ting i sitt eige hus, er dette ein konsekvens av den same tankegangen.

Dette er forhold som gjer seg gjeldande på dei fleste område i dag. Når det spissar seg til, og saka kanskje kjem for retten, syner det seg at dei reglane og lovene som er laga ikkje fungerer. Dei gir ikkje rom for sunn fornuft, erfaring, og tek ikkje menneskelege omsyn. I den seinare tid har me til dømes sett det i innvandringssaker og utbyggingssaker. Alminneleg rettsoppfatning, forskjell på rett og rangt, fornuft, praktisk erfaring og menneskelege omsyn eller omsyn til natur, «teller ikke».

I boka «Horisonten finns alltid kvar» skriv den svenske filosofen Jonna Bornemark mellom anna: «Følger du manualen, har du gjort jobben og er fri for ansvar – til og med om alt går til helvete» (Saksa frå ein artikkel av Selma Stormyren Larsen i Klassekampen) Bornemark set ord på og vurderer den tankegangen som også rir forvaltinga i landet vårt. Ho skriv at det i dag finst ei overtru som tilseier at all kunnskap ligg i teksten; at ingen kunnskap finst hjå fagfolk. I staden skal kvantitative undersøkingar danne utgangspunkt for den manualen fagfolka skal bruke. Bornemark seier, som sant er, at dette er eit utruleg snevert syn på kunnskap.

Så blir det administrasjonen/leiinga si oppgåve å sjå til at desse teoretiserande manualane/stillingsinstruksane/reglane/lovene blir følgde, gjennom kontroll og gransking. Administrasjonen på alle nivå har gått frå å vere personar som hjelper og legg til rette for dei som utfører tenestene, til nokon som står over dei og styrer verksemda heilt etter manualen. Dette føder i sin tur det ein kallar «banal ondskap», at det blir gjort urett, at menneskelege omsyn blir sett til side, at det blir gjort overgrep og at «alt går til helvete», utan at nokon kan lastast så lenge dei gjorde det etter manualen/boka.

I dag har me høgt lønna leiarar, ikkje minst i det offentlege. Oppgåva deira burde vere å leie, å meine noko, å ta ansvar, å rette opp feil. Å sjå til at generelle reglar blir følgde, utan å vurdere verknader og praktiske konsekvensar, eller prøve å få auge på eit større bilete der ein også tek menneskelege omsyn, kan alle gjere.

Det er dette systemet Bjørn Roald er offer for. Vurderinga til fagmannen, som i dette tilfellet er augelækjaren, praktisk innsikt, erfaring og testing blir nulla ut. Det er berre ordlyden i direktivet som tel eller gjeld - sjølv om alt går ad undas.