Lesarinnlegg

Meininga med livet. Svar til Jakob Skovgård Højlund

Lars Jørgen Vik 

Meiningar

I Nyss 5. februar hadde eg ein artikkel med tittelen ‘Meininga med livet’, der eg gjorde greie for Victor Frankls tankar om dette temaet. Den 12. februar kommenterte du, Jacob Skovgård Højlund, nokre av dei punkta eg omtalte, og det gjorde du ved å kome med tre ‘spørsmål/innvendinger’ som eg gjerne vil kommentere.



1. I arikkelen skreiv eg mellom anna dette: ‘Derfor er meininga med liva våre den meininga vi sjølve gir dei.’ Du reagerer sterkt på dette, og skriv at ein då kan omskape og endre meininga med livet heile tida, og at meiningsinnhaldet derfor vert substanslaust, og at dette fører til rotløyse. Når Frankl uttrykker seg slik han gjer, er det på bakgrunn av hans dyrekjøpte erfaringar. Det som gjorde at han overlevde konsentrasjonsleirane var at han lengta etter å sjå kona si igjen, og få fullført den vitskaplege avhandlinga si, skriv han. Men han hadde valet. Han kunne valt annleis, forfalle til depresjon, kjensler av meiningslaust liv og begått sjølvmord, slik som mange andre fangar. Mange har opplevd det same: Sterkt medvit om kvifor ein lever og oppleving av meiningsfylde gir kraft til å motså krevande og knusande ytre omstende. Når du uttrykker deg slik du gjer, ser det ut som om du legg noko heilt anna i omgrepet ‘meininga med livet’ enn det som er vanleg i filosofisk og psykologisk litteratur. Dersom nokon skifter formål og meining med livet sitt frå dag til dag tyder det på alvorleg forvirring og psykisk ubalanse, og dette er noko heilt anna enn det Frankl (og eg) omtaler.



2. Du spør: ‘Viss det riktige er at man selv avgjør mening og formål for sitt eget liv, hva skal vi da si til lederne i IS i Syria eller Kim Jong-Un i Nord-Korea?’ Du påstår at eg meiner dei ‘har gjort det helt riktige’, og at vi ikkje kan kritisere dei når Frankl (og eg) meiner at det er ein sjølv som definerer for seg sjølv kva som er meininga med livet. Din påstand er både underleg og ulogisk, som kanskje har samanheng med at du trur at eg meiner at alle forestillingar om kva som gir livet meining er gode forestillingar, og at desse alltid føder tilsvarande handlingar. Historia, notida og dagleglivet er fulle av døme på det motsette: Mange menneske har sjølve meint at dei hadde meiningsfulle liv og gjorde rett, men dei var likevel i stand til å utføre handlingar av ekstrem brutalitet og bestialitet.


Synspunkt

Meininga med livet

Om Victor E. Frankl sin overlevingsfilosofi


Du meiner at det finst ‘en substansiell meningsramme utenfor oss alle som vi bør bli kjent med, hvis vi vil leve meningsfulle liv.’ I den første delen av setninga siktar du truleg til kristendomen, og den delen av setninga gir eg mi tilslutning til. Men eg er ikkje samd med deg i at det berre er innanfor denne ein kan leve meiningsfulle liv. Eller vil du utelukke at folk med annan religiøs tilknytning enn den kristne kan finn meining og formål med liva sine? Det verkar som om du meiner at meininga med livet er eit slags stoff eller ein objektiv idé som er der ute ein stad, eventuelt i ein annan sfære, uavhengig av eksistensen vår, og som ein kan få tilgang til berre dersom ein er kristen. Men innhaldet i ordet ‘meining’ er avhengig av eit meiningsskapande medvit. Der det ikkje er menneske er det heller ikkje meining. Eg trur at Gud finst uavhengig av kva eg måtte tenke, synse og meine, men medvitet om Gud, opplevinga av hans nærver, og medvitet om kva meininga med livet mitt er, er avhengig av at eg eksisterer. Cogito ergo sum.

3. Innvending/spørsmål nr. 3 er korkje ei innvending eller eit spørsmål, men ei andakt.

Takk for at du tok deg bryet med å kommentere artikkelen min.