Dagens kommentar, 17. februar 2021

Overbodspolitikk

Valkamp: Frank Sve og Sylvi Listhaug går inn for at det skal bli gratis å ferdast med ferje.   Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Meiningar

Kampen om ferjeprisane har for alvor spissa seg til. Først ute var Arbeidarpartiet ved fylkesleiar, fylkesvaraordførar og listetopp, Vidar Kjølmoen, som saman med Sykkylven Ap sin gruppeleiar, Hans Petter Brunstad Sørensen proklamerte at dei vil halvere ferjeprisane den komande valperioden. Dette kunne ikkje Ap-leiar Jonas Gahr Støre og andre i sentralleiinga vere heilt med på. Dermed er ferjeprispolitikken til Ap noko usikker, i alle fall fram til Ap sitt landsmøte i april. Også Senterpartiet har orda fram at noko må gjerast med ferjeprisane, sjølv om både Ap og Sp ikkje hadde vanskar med å auke prisane med to takstsoner (om lag 30 prosent), gjeldane frå siste årsskifte.