Lesarinnlegg

Lort, lus og lys

- Alle veit eller bør vite, at lakselusa er øydeleggande og drepande for all laksefisk, og i våre fjordar og elvar ikkje minst for sjøauren, skriv Magnar Furset i eit lesarinnlegg.   Foto: Maria Nerhus

Meiningar

Dette er kanskje dei mest kjende miljøverknadane oppdrettsnæringa har ført med seg. Dei kjem likevel i tillegg til mellom anna avskoging, medisinering, fiskehelse på leppefisk og laks, og lakserømming til elvane. Sistnemnde har alt ført til genetiske endringar av dei lokalt særeigne etablerte laksestammene i fleire elvar. I sum viser dette konsekvensen av ei næring som i kraft av sitt omfang, si lønsemd og sin eksportverdi, har blitt den største miljøforureinaren langs heile vår lange kyst.

Problema var alt godt kjende då Stortinget i 2015 vedtok det nye forvaltningssystemet for oppdrettsnæringa. Og det var for å sikre at «miljømessig berekraft» skulle ligge til grunn for både eksisterande og framtidige anlegg. Miljøverknadane som anlegga fører til, vart graderte som akseptable (grøn), moderate (gul) og uakseptable (raud). Det er difor no ein innarbeidd term at ein kallar det eit trafikklyssystem.

I prinsippet skulle ein dele kysten inn i tretten produksjonsområde. I tillegg til lokale miljøverknader, skulle ein vurdere den samla miljøverknaden i kvart område. Kvart område får så på grunnlag av vurderinga annan kvart år, status som grøn, gul eller raud. Så valde diverre regjeringa, etter press frå næringa, å la lakselusa sin påverknad på vill-laks, vere den einaste miljøindikatoren som grunnlag for endringar. Dette var så kontroversielt at Stortinget påla regjeringa å utvide med fleire kriterier, til dømes den direkte ureininga frå merdane. Dette er ikkje følgt opp, over fem år etterpå.

Alle veit eller bør vite, at lakselusa er øydeleggande og drepande for all laksefisk, og i våre fjordar og elvar ikkje minst for sjøauren. I forskrifta brukar ein difor omgrepet «vill laksefisk», som lenger nord også vil fange opp verknaden på sjørøya. Den dramatiske reduksjonen av sjøaure ein har hatt både på våre kantar, og over heile landet, vel ein til no å sjå heilt vekk ifrå, etter som det berre er lus på vill-laks som skal telje. Praksisen strir såleis mot eiga forskrift.

Eit anna døme på å stø næring meir enn miljø, er praksisen med å flytte på anlegg innan og mellom soner, til og med inn i raud sone. Dette har etter kvart eit så stort omfang at Fiskeridirektoratet ikkje lenger har full oversikt. Den slappe handteringa frå høgste hald i regjering og direktorat, gir såleis dei store aktørane bukta og begge endane overfor kommunar som frå naturen si side har lokalitetar som kan vere eigna til både nyetablering og flytting.

Dagens praktisering av det uferdige forvaltningssystemet fører dermed til at den største miljø- forureinaren langs kysten, kan bruke systemet til ein grønvask av bransjen, utan at direktorat og regjering grip inn.

Over tid har vi lokalt i Storfjorden hatt både små og store aktørar innan oppdrett. Landet over, ser vi etter kvart at det er dei største som aukar mest i produksjonsomfang. Og det er desse som også greier å tilpasse seg med flytting innan og mellom farge-soner, då dei gjerne sit med fleire konsesjonar. Dei har og vist seg å vere i stand til å presse hardt for sine interesser, både overfor Fiskeridirektorat, Mattilsynet og folkevalde styringsorgan på kommune- og fylkesplan.

I samband med kommuneplanarbeidet i Stranda kommune, har mange sendt sine kritiske og velgrunna merknadar til anlegg som kan vere i ferd med å bli etablert ved Urdaneset/Skafjellet. Sunnmøringen og Nyss har og opna spaltene sine for diskusjon, men etter det eg så langt har sett, har det ikkje vore kommentert på leiarplass. I den landsomfattande medieundersøkinga kom det då også fram, at miljø var ein av parameterane som lokalavisene var dårlegast på.

I merknaden til kommuneplanen, er Ungdomsrådet, erfarne fjordfiskarar, småbåtfolk, turistnæring og natur- og friluftsinteresser, representert med sine meiningar. Men kommunen synest til no å ville vri seg lettvint unna reelle påviste faktum, med til dømes å skrive at ein «kan sette mål om berekraftig vekst». Alle merknadar i saka har fått likelydande vurdering frå kommuneadministrasjonen, slik: «Fylkeskommunen har kome med motsegn til nokre av akvakulturområda, og krev at desse blir utvida. Dette gjeld for dei som er under konsesjonshandsaming – NFFFA_2 og NFFFA_5. Kommunen vil vere med på samarbeidet med dei andre kommunane og Fylkesmannen om plan for sjøområda.»

Det ser dermed ut til at kommunen har gløymt at berekraft går ut på å skikke seg slik at etterkomarane våre også kan gjere val, liknande våre. Som ei tydeleg rettesnor for kommunal planlegging har regjeringa vektlagt nettopp berekraft. Regjeringa vil at vi skal planlegge for «-å skape eit økologisk berekraftig samfunn gjennom mellom anna ein offensiv klimapolitikk og ei forsvarleg ressursforvaltning», for ei framtid for våre etterkomarar.

I Storfjorden med atten lakseførande elvar, der laksen må slite med å kome seg til og frå havet på grunn av luseproblematikken, og der sjøauren er i ferd med å bli heilt utrydda av same grunn, skal ein kanskje ikkje vektlegge eit så opplagt faktum? Det er for meg eit paradoks at demokratiske styringsorgan synest å ville tillate oppdrettsnæringa å vekse i Storfjorden. Oppdrettsnæringa har heretter berre ei framtid til havs eller på land.