Lesarinnlegg:

Meir enn samarbeid mellom fjordbygdene

  Foto: Agurtxane Concellon Hurtigruten

Meiningar

Bør Stranda ta eit nytt initiativ overfor Fjord med tanke på å slå dei saman til ein kommune?

SAMARBEID: Helge Søvik stiller spørsmål om meir samarbeid mellom fjordbygdene.  Foto: Johan Behrentz




Spørsmålet kan igjen vere aktuelt.

Liabygdaren Øystein Lied Lunde har i brev til Statsforvaltaren lufta ideen om å flytte Liabygda over til Fjord. Trass i at fleirtalet av innbyggarane (68 prosent mot 27 prosent) for nokre år sidan varsla at dei ikkje vil skilje seg frå Stranda, meiner Lied Lunde at mykje har endra seg sidan. Han viser til at skulen er lagt ned. Og barnehagen. Han er kjend med at tenester innan helse og omsorg kan bli flytta. Uvissa rår.

«Då vert det ikkje mykje att», meiner Lunde i eit intervju med Nyss.

Stranda har hatt følingar ute overfor grannane. Det var før Norddal slo seg saman med Stordal og vart til Fjord. Lenger enn til å drøfte spørsmålet kom ein ikkje.

Skulle det gå slik at Liabygda for alvor vender blikket mot Fjord, bør det etter mitt skjøn vere aktuelt å ta steget fullt ut. Å slå saman Stranda og Fjord veit vi mange kan vere viljuge til å sjå på som ein realistisk tanke.

Bygdene på indre Sunnmøre har hatt mykje til felles både i eldre og nyare tid. Fram til 1892 var Stranda og Stordal ein kommune. I generasjonar hadde fjordbygdene felles lensmann, lege og prost. Frå nyare tid kan nemnast det vellukka samarbeidet om «The Golden Route». Det vart etablert i 1992 og vart fylgt opp av reiselivssamarbeidet Geirangerfjorden-Trollstigen. I 2005 slo Unesco til med verdsarvstatus til Geirangerfjorden med omland.

Samarbeidet innan reiselivet vil neppe bli mindre i åra som kjem. Bygdene har mykje å tilby turistane. Geiranger, Geirangerfjorden og Trollstigen er for trekkplaster å rekne. Knapt nokon kan skilte med noko betre på Nordvestlandet. Naturen er framifrå. Her finst friluftssenter av fremste merke, sommar som vinter. Mykje er gjort for å gjere bygdene endå meir attraktive som reisemål. Meir kan venteleg kome .

Dei interkommunale tenestene har ikkje vorte færre, og ingen ting tyder på at samarbeidet skal bli mindre heretter. Den geografiske nærskapen gjer det lett å yte hjelp for kvarandre. Å krysse dei to fjordane med ferjer korkje er eller har vore sett på som eit alvorleg hinder. Det er opp til kommunane å kontrollere at kvaliteten på materiellet og frekvensen blir halde på eit akseptabelt nivå.

Ei samanslåing vil gi eit folketal (2020-tal) på 7.029 fordelt med 4.523 i Stranda og 2.506 i Fjord. Det vil rett nok ikkje vere snakk om ein kommune mellom dei største i Møre og Romsdal, men like fullt levedyktig. Eit blomstrande og variert næringsliv, jamvel av nasjonalt format, gir grunn til optimisme.

Strukturen skil ikkje så mykje mellom kommunane. Det er opp til politikarane å avgjere om eit eventuelt ekteskap mellom Stranda og Fjord vil ha livets rett.

Framtida vil forme resultatet.