Vart freda

Freda: Sykkylven kommunestyre vedtok å frede Tandstad barnehage.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Meiningar

For Sykkylven kommune så har det av økonomiske årsaker ikkje vore så enkelt å drifte barnehagar og skular. Bakgrunnen er dei demografiske utfordringane, med færre barn. I dei seinare åra har fleire kommunale barnehagar og skular i tur og orden blitt lagt ned, og spesielt har dette gått utover krinsane. Grunna låge søkjartal til barnehagane, gjekk eit samla kommunestyre under budsjettmøtet i desember i fjor inn for kommunedirektøren sitt forslag om å leggje ned Tandstad barnehage i Straumgjerde og Vik barnehage frå 1. august i år, medan Blakstad barnehage skal leggjast ned neste år. Dette for å spare 2,3 millionar kroner frå 2020 til 2021, og om lag 4,75 millionar kroner frå 2021 til 2022.

Sist måndag vart saka om innsparing i barnehagesektoren tatt opp på nytt i kommunestyret etter kartlegging av eit førebels barnehageopptak. Prøveopptaket viser at det er 62 barn som har søkt barnehageplass. Av desse har to prioritert Tandstad barnehage, medan ingen har prioritert Vik barnehage. Slik situasjonen er i dag så er det få forelder som søkjer sine barn inn på desse barnehagane. Det er overkapasitet på dei ni private og kommunale barnehagane i Sykkylven. Like før jul kjøpte Sykkylven kommune Krikane barnehage for 11,5 millionar kroner.

Krinspolitikken stod i fokus då saka om nedlegging av dei to barnehagane vart diskutert i kommunestyret. Det er ikkje vanskeleg å forstå argumentasjonen om at det er viktig å drifte den kommunale barnehagen i Straumgjerde vidare etter at Tandstad skule vart lagt ned i 2018. Dersom også barnehagen blir lagt ned, vil nok mange føle at krinsen står "ribba" tilbake, og ikkje lenger har nokon kommunal aktivitet, slik det har skjedd i Velledalen, Hundeidvik og Ramstaddalen.

Med 16 mot 13 røyster vedtok Sykkylven kommunestyre å frede Tandstad barnehage i denne omgang, medan Vik barnehage blir lagt ned frå 1. august i år. Det er å vone at fleire finn vegen til Straumgjerde for å etablere seg der, slik at den kommunale barnehagen kan få eit betre grunnlag for å overleve.