Lesarinnlegg:

LO i Sykkylven støtter Arbeiderpartiet sitt krav om halverte ferjetakstar

Meiningar

LO i Sykkylven er svært glade for at Arbeiderpartiet går inn for å halvere ferjetakstane på alle samband i heile Noreg.

For Sykkylven og Møre og Romsdal kjem dette til å ha stor økonomisk betydning for industrien og folk flest.

Når dette tiltaket er gjennomført vil folk og næringsliv i Møre og Romsdal spare over ein kvart milliard kroner i kostnader kvart år.

Dette vil og ha stor betydning for å styrke Møre og Romsdal sin posisjon som landets fremste eksportfylke, og ikkje minst bidra til fleire og tryggare arbeidsplassar i heile fylket.

Det var Sykkylven Arbeidarparti i samarbeid med Møre og Romsdal Arbeiderparti som tok initiativet til å halvere ferjetakstane, og vi er svært glade for at Arbeiderpartiet sentral støtter denne viktige distriktssaka.

Dette er og eit viktig signal om at staten må ta ein større økonomisk del av kostnaden for å gjennomføre det grøne skiftet. Og ikkje slik som dagen regjering som sender ein så stor del av kostnadane over til fylka, kommunane og innbyggjarane.