Lesarinnlegg:

 Storfjordens Venner og kloakkutslepp på Kvasnes

Meiningar

Nyss- redaktøren skriv i leiarartikkelen sin 5.februar om problema med kloakkutslepp og avsluttar med noko vi alle kan vere samde om : «Storfjorden treng ikkje meir kloakkutslepp, korkje frå ferjene eller Kvasneset». Han kunne truleg lagt til at bygder/ kommunar langs fjorden også har sine «svin på skogen».

I det siste har debatten om utslepp frå Kvasneset i Sula nær inngangen til Storfjorden versert i avisdebatten. Dei fleste innlegga er frå motstandarar av å legge eit kloakkreinseanlegg for Ålesund og Sula der.

Det har vore heller lite opplysningar frå kommunane Sula og Ålesund som har vedteke plassering der.

Då framlegget om denne plasseringa blei utsendt på høyring for eit par år sidan sende styret i foreininga Storfjordens Venner ei «bekymringsmelding» til begge kommunane der vi viste forståing for behovet for kloakkløysing for så mange menneske. Det vi var opptekne av var korleis dette ville påverke det biologiske mangfaldet i den om lag ti mil lange Storfjorden med sidefjordar. Vi ønskte undersøkjingar om straumtilhøve, påverknad av oksygeninnhald med meir som kunne påverke livet i fjorden. Foreininga har ikkje fått noka tilbakemelding som gjer oss trygge på at at fjorden vil tole slike utslepp.

Når ein er på glatta, må ein ha is i magen. Vi kjenner at kommunane som har vedteke plasseringa i høgste grad er på glatta og på tynn is når det gjeld konsekvensar av plasseringa. Politikarane må ikkje berre handle i god tru, men vere 100 prosent sikre på at dette er den miljømessig beste løysinga. Det har vore gjort mange vedtak i god tru opp gjennom åra. I ettertid ser vi at dette har vore svært uheldig for miljø og natur, og dyre oppryddingstiltak er gjennomført for å bøte på skaden. Plast og mange slags kjemikalier er døme på dette.

Sula kommune ved kommunalsjefen skal ha ros for at han svarte på bekymringsmeldinga frå Storfjordens Venner for eit par år sidan. Han skriv mellom anna: «På spørsmål om kor utslepp frå reinseanlegg tek vegen er det gjort mellombelse utgreiingar som tilsei at resipienten ytre Storfjorden og Sulafjorden vil tåle tilføring av næringsstoff og at framherskande strømmingsretning er ut fjorden mot Breisundet.»

Utifrå det som har kome fram frå ulikt hald no, er det vel grunn til å setje spørsmålsteikn ved utsegna frå Sula kommune.

Mellom anna har den anerkjende ingeniøren Bernt Aspehaug som kjenner Storfjorden godt skrive i eit innlegg i Sunnmørsposten den 5 feb. : «Jeg har i flere anledninger hevdet at Storfjorden ikke tåler det store utslippet av kloakk som de nå holder på å planlegge på Kvasneset i Sula kommune» Han skriv vidare at «….målingene som ble gjort på 1990- tallet og som er nedfelt i Storfjordundersøkelsen fra 2003 og sammenligner det med målinger nedfelt i «Overvåkningsrapporten M-1606 – 2020, så har oksygenet i bunn av fjorden blitt redusert med bortimot 43 prosent». Sjøfartsdirektoratet har gitt pålegg om at det skal etablerast mottak av kloakk frå verdsarvfjorden inn mot Geiranger og at det skal bli forbode med utslepp av kloakk frå ferjer og mindre fartøy. At dette er alvorleg for biologisk mangfald i fjorden, skjønar alle. Hamnesjef Rita Berstad Maraak opplyser at arbeid med etablering av mottaksstad er igong.

Storfjordens Venner har eit slagord som heiter «VERN VÅR ARV». Foreininga har som oppgåve å verne om natur-og kulturminne langs Storfjorden og har restaurert om lag 140 objekt. Strand—og hyllegardar har benytta seg av fjorden til livsopphald gjennom generasjonar.

Storfjorden er allereie belasta av utslepp frå ferjer og båtar og anna. Kloakk frå fleire bygder i området er ein realitet. Kommunane tek no dette på alvor og prøver å begrense utsleppa. Eit nytt kloakkanlegg på Kvasneset i tillegg, kan etter vår meining føre til ubalanse av prosessane i fjorden og i verste fall føre til kollaps i økosystemet.

Vi ser også dei ulempene bebuarane på Kvasneset med omland blir påført av eit slikt kloakkreinseanlegg – det har dei sjølve gitt godt uttrykk for.

Vi har tillit til at politikarane i Ålesund og Sula finn ei løysing til det beste for både folk og fjord.