Dagens kommentar, 5. mars 2021

Fantastisk respons

Spleis: I løpet av ei veke har det blitt samla inn om lag tre millionar kroner til Torger Inge Sætre.  Foto: Nils Harald Ånstad

Meiningar

Responsen let ikkje vente på seg då det vart kjent at Torger Inge Sætre (28) frå Ikornnes i Sykkylven sjølv må betale for ein operasjon til 3,3 millionar kroner for å kunne behalde synet på det høgre auget. Han er heilt blind på det venstre. Torger og tvillingbroren Joar lid av ein svært sjeldan augesjukdom som rammar netthinna og som startar med redusert mørkesyn og innsnevra synsfelt. Kring 1.500 nordmenn har denne sjukdomen. Brørne har fått ein sjeldan og aggressiv mutasjon som berre åtte personar i Noreg er råka av.

Så langt er ikkje behandlinga som kan redde synet til Torger og dei andre med same mutasjonen tilgjengeleg her i landet, då den ikkje er godkjent av norske helsestyresmakter. Det er Beslutningsforum for nye metodar som bestemmer kva for behandlingsmetodar som blir godkjent i Noreg. I mars i fjor vart det sagt nei til å betale for Luxturna, som er namnet på behandlinga. Nye Metoder er eit statleg organ for innføring av nye metodar i spesialisthelsetenesta. Torger har i Nyss fortalt at han på bakgrunn av den rådane situasjonen ikkje lenger har tru på dette organet.

Fleire sentrale politikarar har engasjert seg i denne saka. Mellom andre Sylvi Listhaug (Frp) og Fredric Holen Bjørdal (Ap). Listhaug har varsla om at ho vil ta saka opp med helseminister Bent Høie (H). Det er å vone at desse politikarane ikkje berre pratar, men tek tak i saka slik at Torger og andre som har blitt råka av denne aggressive augesjukdomen kan få hjelp av norsk helsevesen.

For vel ei veke sidan vart det starta ein innsamlingsaksjon på Spleis etter at historia til Torger vart kjent i Sunnmørsposten og Nyss. Engasjementet spreidde seg over heile landet, og det gjekk ikkje mange dagane før over 11.000 personar hadde samla inn over tre millionar kroner. Denne aksjonen er på alle måtar imponerande, og den viser at folk bryr seg. No er det å vone at dei innsamla midlane kan gjere sitt til at Torger kan bli operert, og bli frisk.