Dagens kommentar, 26. mars 2021

God påske!

Påskefjellet: Mange vil nok reise på fjellet og gå på ski i påska.   Foto: Illustrasjonsfoto

Meiningar

Vi går inn i påskehøgtida som vert rekna som høgdepunktet i kyrkjeåret, difor står kyrkjene kring om i sokna som ein sentral samlingsstad. Påska er for andre synonymt med Kvikk-lunsj, appelsin og varm kakao, og då gjerne i samband med lange skiturar i fjellheimen, eller kjappe turar med skiheis eller gondol. Skianlegga står klare både på Strandafjellet og Fjellsætra. På denne årstida er det mange som finne vegen til småbåthamnene for båtpuss eller ein tur på fjorden for å drage seg ein torskemiddag. Det går mot vår, krokusen har allereie sett dagens lys og så må vi ikkje gløyme at klokka skal justerast fram ein time natt til søndag.