Lesarinnlegg

Kven bløffar, Sve?

Tilsvar: Helge Orten (H) kjem med til svar til Frank Sve (Frp) om Nasjonal Transportplan.  Foto: Bjørn Brunvoll / Romsdals Budstikke

Meiningar

Frank Sve hevdar i eit innlegg at samferdselsministeren bløffar når han viser til at han har lytta til innspela frå Møre og Romsdal i arbeidet med Nasjonal Transportplan. Det er berre tull! Møre og Romsdal fylke har prioritert både E136 og E39 Ålesund-Molde, inkl Møreaksen, i sitt innspel til NTP. Det var eit stort fleirtal som sto bak denne prioriteringa. Det er derfor heilt rett av samferdselsministeren å vise til at han har lytta til tilbakemeldingane frå Møre og Romsdal.

I tillegg har NHO, som organiserer store delar av næringslivet, tilsvarande prioriteringar. Utviklinga av både E136 og E39 er særs viktig for å næringslivet i fylket vårt. Redusert reisetid og auka framkomme vil ha store ringverknader og vil bidra til større bu- og arbeidsmarknad og at varer kan transporterast sikkert og effektivt. Gode og trygge vegar er viktig for legge til rette for vekst og utvikling.

I Nasjonal Transportplan 2022-2033 legg vi til rette for ei ny tilskotsordning for fylkesvegane. I tillegg til dei årlege rammeoverføringane, vil fylka få eit øyremerka tilskot for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane, særleg retta mot viktige næringsvegar. Møre og Romsdal fylke og dei andre fylkeskommunane hadde reduksjon av vedlikehaldsetterslepet høgt på sin prioriteringsliste og regjeringa har lytta til innspela.

Realiteten er at Møre og Romsdal har fått gjennomslag for store deler av sine prioriteringar i Nasjonal Transportplan. Det er eit historisk samferdselsløft for Møre og Romsdal, og det skal gjerast investeringar for over 30 mrd på riksvegane i fylket vårt dei neste 12 åra. Frank Sve vel å gå til val på å skorte store deler av denne satsinga. Det må han gjerne gjere, men særleg framtidsretta er det ikkje.