Lesarbrev:

Ope brev til politikarane om samarbeidet mellom Utdanningsforbundet Stranda og leiinga i Stranda kommune

Jens Vik er leiar i Utdanningsforbundet i Stranda.  Foto: Herborg Bergaplass

Meiningar

I brev til rådmann og ordførar dagsett 27.01.20 tok HTV i UDF/UNIO initiativ til eit møte med leiinga i lag med representantar frå Fylkesstyret i UDF Møre og Romsdal. Temaet skulle vere samarbeidet med kommuneleiinga. Vi skreiv dette som ei innleiing:

Til grunn for partssamarbeidet mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane ligg Hovudavtalen, og han seier:

«Formålet er å skape et best mulig samarbeidsgrunnlag mellom partene på alle nivå.»

På sett og vis kan relasjonen samanliknast med ein pardans kor arbeidsgjevar er den førande parten. Skal dansen bli ei god oppleving for den som vart leia, må den førande partnaren vere mottakeleg for impulsar og idear frå dansepartnaren. Dersom den eine parten heile vegen skal bestemme takt, rytme og tone og slenge dansepartnaren hit og dit, vert kvaliteten på dansen og opplevinga dårleg.

Det vart tillyst møte i mars 2020 i lag med representantar frå UDF sitt Fylkeslag, ordførar og kommuneleiing, men møtet vart avlyst på grunn av pandemien. Kommuneleiinga har til no ikkje kome med noko tilbakemelding på kritikken som vart reist. No, eitt år etter, kan UDF slå fast at samarbeidet framleis ikkje er tilfredsstillande, og som leiar UDF Stranda vil eg oppmode politikarane om å ta ansvar i saka. 4. mars sende vi nytt brev med krav om møte kor politisk nivå, leiinga og representantar frå UDF sitt Fylkeslag. I brevet kjem leiar med kritikk på bakgrunn av fleire forhold:

  • Arbeidsgjevar tek ikkje formålsparagraf og retningsliner i Hovudavtalen på alvor.
  • Arbeidsgjevar legg opp til rettslege tvistemål, eller «paragrafrytteri» ved usemje og han hevder styringsrett sjølv i små saker utan å gjere forsøk på å finne ei lokal løysing. Dette er ein autoritær måte å leie organisasjonen på, og samstundes eit misbruk av styringsretten. Eit godt samarbeid må skapast – det kan ikkje dikterast.
  • Arbeidsgjevar konsulterer KS og andre kommunar framfor å finne lokale løysingar eller dei driv ei form for «outsourcing» av arbeidsgjevaransvaret.
  • Leiinga er og forplikta av den vedtekne verdiplakaten, Stranda – ein kommune til å vere stolt av, men han vert sett til side.
  • Partssamarbeidet er ein grunnplanke i arbeidslivet. Det er i praksis ikkje fungerande i Stranda kommune, og vi meiner leiinga motarbeider eit slikt samarbeid. Det kjem ikkje saker til partsamansett utval (PAU).
  • Tillitsvalte og medlemmar har opplevt verbale angrep frå leiarar ved ulike høve. Tillitsvalte er ofte engasjerte positive resurspersonar, og dei fortener å bli møtt på ein heilt annan måte.
  • I vår sektor, oppvekst, opplever vi at Skoleleiarforbundet vert gitt stor plass og merksemd. Det er i praksis er ei positiv særhandsaming som ikkje står i relasjon til talet på medlemmar.
  • Vi meiner oss motarbeid av kommunalsjef Tone Lillebø i fleire saker, og stiller spørsmålsteikn om det er klokt av ein kommunalsjef å ikkje ha eit fungerande samarbeid med den største fagorganisasjonen til tilsette i skule og barnehage.

Under noverande rådmann/direktør har vi opplevt eit skifte i haldningar. Permisjonar har blitt inndrege, og ein del tillitsvalte har støtt på mykje motstand når dei ber om permisjon. Til dømes deltok våre tillitsvalte og barnehagetilsette på ein årleg barnehagekonferanse. Lokallaget betalte då hotell og kursavgift, medan arbeidsgjevar ga permisjon med løn. Det er det no slutt på, medan private barnehagar dekkjer alle utgifter for tilsette som deltak på fagkonferansen. Vi meiner at i utviklinga organisasjonen, Stranda kommune, vil innspel frå skolerte tillitsvalte vere eit viktig bidrag. Mellom anna er det ikkje overraskande at fleire tidlegare tillitsvalte seinare endar opp som leiarar internt i kommunen. Utgiftene til skolering av tillitsvalte kan derfor også sjåast på som ei investering i framtidige leiarar.

I 1837 kom Formannskapslova som gav lokalt sjølvstyre. Lova var ein reaksjon på at embedsmenn ikkje tok omsyn til folkevilja. Ved kommunevalet stemte eg på eit parti – eg røysta ikkje på ein rådmann eller kommunalsjef. Stranda kommune er ei demokratisk eining, og då er det rimeleg at leiinga og styrer på dette grunnlaget. Senterpartiet er svært tydelege på at lokalt sjølvstyre er viktig, og eg ventar at ordførar, valte representantar frå alle parti syter for at vi har ei kommuneleiing som leier i samsvar med verdiane som står i den vedtekne verdiplakaten. No må politisk nivå gje tydelege føringar på korleis det lokale samarbeidet mellom arbeidsgjevar og tilsette skal fungere. Dette negative partssamarbeidet finn ein ikkje i hos naboane i Sykkylven og Fjord kommune.


Hellesylt, 22.03.2021

Jens Vik

Leiar Utdanningsforbundet Stranda.