Lesarinnlegg:

Rådmannen motarbeidar fersk middag på alle omsorgssenter/sjukeheimar!

Frank Sve   Foto: Staale Wattø / Sunnmørsposten

Meiningar

Kven styrer Stranda kommune, kommunestyret eller rådmann?

Den 14/12-2018 gjorde kommunestyret eit klart og tydeleg samrøystes vedtak, der rådmannen skulle kome attende med sak ang fersk middag til alle våre eldre i omsorgssenter/sjukeheim eller til dei som nyttar matomberingstilbodet.

Snart 3 år er gått, og det har blitt etterlyst denne saka fleire gongar i formannskapet og heile 4 gongar i kommunestyret, utan nytte.

Seinast den 11/11-2020, der rådmannen svarar at: «ein er i ein prosess på dette»

Prosess?

I snart 3 år?

Her er vedtaket som rådmannen nektar å etterleve:

14.12.2018 KOMMUNESTYRET

Endra framlegg til verbalframlegg (omforeint)

Kommunestyret ber om at det vert førebudd ei sak, som omhandler kostnadane ved ei omlegging til servering av fersk middag ved alle omsorgssenter/sjukeheimar i kommuna. Dette inneber også fersk middag i matomberingstilbodet. Her må ein ta med kostnader knytt til oppgradering av eksisterande kjøkken til dagens standard, stillingsbehov og endringar i utgifter til matombringing. Vi ynskjer også ein dokumentasjon og oversikt over dagens drift av det kommunale storkjøkkenet.

- Samrøystes

Spørsmålet mitt er, har vi demokrati i Stranda kommune, når lovleg fatta vedtak i kommunen sitt folkevalgte organ kommunestyret bevist vert motarbeidd?

Det som er trist i denne saka, er at det er dei eldre her i kommunen som hadde fortjent fersk middag og matlaging på alle omsorgssenter/sjukeheim og i matomberingstilbodet, som altså vert ramma.

Skal vi finne oss i dette, og har vi ein ordførar som står opp for dei folkevalgte og innbyggjarane?