Lesarinnlegg:

Smolt og skjørt og Roger Hofseth

Leiar: Ole Jørgen Sve er leiar i Stranda Elveeigarlag.  Foto: Johan Behrentz

Meiningar

Roger Hofseth hadde eit tilsvar til meg i Nyss den 26 mars.

Å drive voksenopplæring angåande utvandrande laksesmolt og plassering av oppdrettsannlegg i fjorden, må han gjerne prøve på. Det funker kanskje på uvitande politikere og innbyggere som ikkje har satt seg inn i denne tematikken. Å slenge om seg med forskningsresultater fra NTNU, forandrer ingen ting. Den som bestiller og betaler for undersøkelsene, får som regel det svar dei har bestilt. (som du roper i skogen får du svar…)

Det er heilt riktig at lovkravet på antall kjønnsmodne holus i utvandringstiden for laksesmolt er 0,2 lus. Det høyres flott ut, men er det virkelig så lite som det høyres ut?

I realiteten er det fortsatt altfor høgt, i praksis ein stor, diger lusefabrikk. 0,2 holus pr fisk i merda, eit snitt på 200 000 fisk i merden x 0,2 lus , blir 40.000 lus pr merde. På de fleste lokalitetane er det fleire merder. Når vi då veit at kvar holus får mellom 600 og 1400 luselarver, avhengig av temperatur og en del andre parameter, blir tallet på luselarver som spres i fjordbasenget formidabelt (bruk gjerne kalkulatoren). Det Roger Hofset ikkje skriv, er at i store deler av sommer/haust, så ligg dei fleste langt over krava, og det er då ikkje det minste rart at sjøørreten som går mest heile året og svimar i fjordbassenget, mest er utrydda på få år i vårt område.

Roger Hofseth dreg også i tvil min påstand om at Hofseth Aqua har fortalt meg at Hofseth skal ha lukka merder på sine lokaliteter innan 2026, han seier faktisk at dette ikkje stemmer. Svein Flølo uttalte dette på møte i Uksvika, utan at Roger Hofseth var til stades. For min del speler det liten rolle kven som uttaler seg på vegne av Hofseth Aqua.

Når det gjeld luseskjørt, høyrer det ut for uinnvidde som en fantastisk nyvinning. Dette har vore brukt i fleire år. Det gir litt reduksjonar i lusepåslag for enkelte lokalitetar, men fjerner ikkje lusa .

Det gjer derimot lukka anlegg i sjø og på land. Dette er framtida, det er alle einig om. Men kjem det for seint? Ja, eg meiner at å godkjenne åpne anlegg i 2021 er defensivt og øydeleggande for villaksen. Den vart foreslått rødlista her om dagen, fordi den er utryddingstrua. Viss den får slik status er det slutt med alt anna enn lukka teknologi, og lokalitet Urdaneset (Skafjellet) ville aldri vorte en realitet.

Roger Hofseth viser også til sitt samarbeid med Lakseelvane på Sunnmøre og Norce. Til dei prosjekta vil eg personlig, kort kommentere slik: Norce vil tene penger, Hofseth vil få litt bedre samvit og aktelse utad, mens villaksen vil slite som før. Dette fordi desse prosjekta tar for lang tid, og vil ikkje føre til at vi får beskatte mellom anna oter. Når vi veit at oppdrett med lakselus og rømmingar står for dei største problema for villaks, er det rimelig vekkasta å leite med lupe for å kartlegge korleis vi kan få meir villaks og sjøørret på Sunnmøre. Forvaltningsmyndighetene aksepterer i dag at minimum 30% av utvandrande smolt frå vassdraga våre dør pga lakselus. Det reelle talet er nok dessverre langt høgare.

Når det gjeld lokaliteten Skafjellet, så vil eg absolutt ikkje ha denne plasseringa. Grunnen har eg forklart både på trykk og i kommunestyret. Mitt råd er at Hofseth Aqua flytter dette til andre lokasjoner i fjorden. Eg trur dette er smart og også heilt nødvendig. Og kvifor er eg så bastant på dette? Jau ,det er eit ordtak som heiter at vegen vert til medan vi går. I denne saka er det også utrulig kor mykje interresant som «dukkar opp langs vegen medan vi går», faktisk reine sprengstoffet…

I beste meining…