Dagens kommentar, 9. april 2021

Gradvis gjenopning

Gjenopning: Statsminister Erna Solberg informerte tidlegare denne veka om ei gradvis gjenopning av samfunnet.  Foto: Monica Aure Fallingen

Meiningar

Statsminister Erna Solberg (H) proklamerte i Stortinget onsdag at styresmaktene gradvis vil opne opp att samfunnet gjennom fire fasar. Kvar fase kjem til å ta minst tre veker. Dersom denne prosessen fungerer kan det bety at vi er tilbake i normalt gjenge ut i juli månad. Men det er like fullt mange brikker som skal på plass i vekene framover. Mellom anna må det bli betre kontroll på smittespreiinga, som betyr at fleire må bli vaksinerte.

Denne veka starta Sykkylven kommune massevaksinering av dei som er mellom 65 og 74 år, og av personar mellom 18 og 64 år som har underliggande sjukdomar. I Stranda kommune vert det vaksinasjon av den eldste aldersgruppa frå neste veke. Det er viktig at dei som blir kalla inn møter fram slik at vaksineringsprogrammet kan bli gjennomført på ein så god og effektiv måte som råd.

I den første fasen vil det mellom anna bli opna for at barnehagar, skular og SFO skal følgje den såkalla trafikklysmodellen og lokale vurderingar. Inntil 200 personar frå same kommune kan samla seg utandørs på kultur- og idrettsarrangement, medan 100 personar kan samle seg innandørs, med faste plassar. I denne fasen kan ein ta imot inntil fem gjestar, men avstandskrava gjeld framleis. I fase to vil det bli opna for at barn og unge vil kunne delta på arrangement og organisert trening innanfor kommunen sine grenser. Og gradvis vil det bli opna for vaksne, både ute og inne, og på grupper på inntil 20 personar. Først i fase tre kan barn og unge delta på arrangement på tvers av kommunegrensene. No kan det også gå mot normale skjenketider og opning for meir utanlandsreiser og normal arbeidsinnvandring. Regjeringa opererer også med ein fjerde fase, der mykje vil vere tilnærma normale tilhøve. Men framleis gjeld dei generelle smitteverntiltaka.

Sidan koronapandemien slo ned, og stengte landet i mars i fjor, har det på alle måtar vore eit turbulent liv for alle. Mange har vore prega av permitteringar, andre har arbeidd heimanfrå, medan kultur- og idrettslivet meir eller mindre har stått på «vent» i håp om at pandemien skal kome under kontroll som den kanskje vil bli utover sommaren og hausten.