Lesarinnlegg:

Klimahysteriet går over stokk og stein!

Anne Marie Fiksdal, Frank Sve og Geir Stenseth, Møre og Romsdal Frp  Foto: Møre og Romsdal Frp

Meiningar

Klimaplan for 2021-2030, Meld. St. 13 er eit tydeleg døme på dette.

Møre og Romsdal Frp er sterkt kritisk til at regjeringa legg opp til ein klimaplan som trugar sterkt næringslivet i heile Møre og Romsdal.

Enda verre er det at fylket sine eigne mål, der Sp, Ap og Høgre går utover regjeringa sine ambisjonar, og såleis rammar vårt eige næringsliv enda verre.

Greinalaust er det når fylket skal kutte 55 % innan 2030, og ikkje 45 % slik regjeringa ynskjer.

Den varsla auken i CO₂ avgifta frå 590-2000kr/tonn er dramatisk for Møre og Romsdal.

Dette vil få ein direktekostnad berre i Møre og Romsdal på snart 2 milliard kr pr. år, dette vil spesielt ramme:

  • Transportnæringa
  • Olje- og gassektoren med ca. 25.000 tilsette her i fylket.
  • Landbruksnæringa som i dag har nok kostnadsdrivarar.
  • Maritim og marine næringar som er heilt avhengige av lågast moglege avgifter for å halde oppe konkurransekraft i marknaden for sine varer.
  • Biltrafikken som folk flest er heilt avhengige av i eit distriktsfylke som Møre og Romsdal.
  • Ferje, hurtigbåt og busstilbodet, som får kraftig auka kostnadar pga. omlegging til nullutslepp.
  • Næringslivet i heile fylket som får kraftig auka kostnadar til transport av sine varer inn og ut av distriktet.

Innføringa av denne klimaplanen vil føre til kraftig auka avgifter som svekker samfunnsutviklinga og konkurranseevna i distrikta som frå før har svak infrastruktur.

Store næringssegment her i Møre og Romsdal er heilt avhengige av lågast moglege skattar og avgifter då utgiftene til transport og anna infrastruktur som straum osv. er høgare her enn i sentrale strøk av landet.

Ei auke av CO₂ avgifta som vil medføre drivstoffprisar over 20 kr literen vil kunne true og sette i spel mange titals tusen arbeidsplassar i Møre og Romsdal, som kan bli flytta ut av fylket. Store bedrifter som ligg i Møre og Romsdal vil kunne spare enorme beløp årleg ved å sentralisere, noko som vil vere dramatisk for Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal Frp krev:

  • Ikkje auka CO₂ avgifter, heller kutte avgifter og stimulere ved avgiftskutt for ny og miljømessig teknologiar.
  • Ha ei realistisk tilnærming til innføring av nullutsleppsløysingar med utbygging av ladepunkt og utbygging av vasskraft, der fornying av turbinar i eksisterande anlegg vil kunne gje stor effekt.
  • Ikkje påføre olje- og gassnæringa negative konkurransefortrinn i form av kraftige avgiftsaukar, noko som trua denne næringa og berre styrkar andre land sine produksjonar. Norsk olje- og gassnæring er av verdas reinaste og mest miljømessige, og det hjelper verda svært lite at Norge kuttar ned sin produksjon og leiteaktivitet etter nye oljefelt.
  • Drivstoffprisar over dagens nivå, eller som regjeringa foreslår over 20kr literen, vil kraftig ramme vårt næringsliv samt vanlege folk sine moglegheiter til å delta i samfunnet.

Slike drivstoffprisar vil også ramme turistnæringa og Landbruksnæringa brutalt, då desse næringane ikkje har økonomiske grunnlag for å kompensere slike avgiftsaukar.

Møre og Romsdal Fylkeskommune krev at regjeringa gjennomfører ei omfattande og grundig konsekvensanalyse for alt næringsliv og for folk flest i alle fylke i landet, før ein klimaplan kjem til behandling i Stortinget.