Lesarinnlegg:

No må vi i vest satse saman

Står saman: Fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen har saman med kollegaer frå Vestland og Rogaland skrive denne kronikken.   Foto: Møre og Romsdal Fylkeskommune

Meiningar

Om det er eitt tidspunkt i historien der vi skal satse tungt på næringsutvikling, så er det no. Vi i vestlandsfylka vil ta ei leiande rolle for å skape dei rammevilkåra som næringslivet treng i åra som kjem.

Vestlandsfylka er eksportmotoren for heile landet. Ingen andre stadar blir det skapt større eksportverdiar. No trengst det eit krafttak for å styrke denne motoren i åra som kjem. Vi i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland fylkeskommune står klare.

Å stå på staden kvil, er ikkje bra nok. I takt med at olje og gass blir mindre viktig for verdiskapinga i landet, må vi gjere andre næringar sterkare. Målet er korkje nedgang eller stagnasjon. Målet er å auke eksporten, skape fleire arbeidsplassar og legge grunnlaget for eit godt velferdssamfunn også i framtida.

Vi i dei tre vestlandsfylka skal gjere vårt gjennom Vestlandsrådet. No utarbeider vi ein felles næringsstrategi, i tett samarbeid med forskarar og næringslivet sjølv.

- Men kva skal til?

Denne våren får mange bedriftsleiarar dette spørsmålet. Det same får leiarar innan akademia og innovasjonsmiljø, bankfolk og forskarar. Tilsette i destinasjons- og næringsselskap må svare på det same. Kva skal til for at di bedrift, di næring, dine samarbeidspartar skal vekse og utvikle seg?

Svara vi får, vil danne grunnlag for den nye, felles næringsstrategien for Vestlandet. Ein strategi som set retning, som viser kvar Vestlandet har potensiale for vekst og som gir tydelege råd om kva rammevilkår som må vere på plass for å oppnå den utviklinga og veksten vi og landet treng.

Korona-pandemien har skapt ei akutt krise. Akkurat no har mykje forsvunne for mange. Enten det er ordretilgangen for verfta eller bookingar frå utanlandske gjester ved fjordhotella. Bak ligg det grøne skiftet, sentralisering, digitalisering, automatisering og geopolitiske endringar der Asia styrkar seg. Alt frå fiskeoppdrettarar på kysten til familieverksemder lengst inn i fjordarmane må møte dette.

Samla byr dette på utfordringar, men også store moglegheiter - om vi er aktive, grip sjansane og samarbeider godt. Då er ein felles næringsstrategi eit bra utgangspunkt.

Strategien skal vere klar i juni. Det er berre første steg. Vi skal vere ein premissleverandør for gode rammevilkår og effektiv næringspolitikk. Næringsstrategien vil vere grunnmuren for den felles røysta som talar næringslivet si sak. For det er saman vi står sterkast.

Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland har lik næringsstruktur, mykje råstoff, kloke hovud og eit standhaftig, innovativt og omstillingsdyktig næringsliv. Dei treng fylkeskommunar som speler på lag for å nå felles mål. Den medspelaren har vi tenkt å vere.