Lesarinnlegg:

Oppdrettsanlegg ved Skafjellet

Meiningar

Det har dei siste månadene vore sterk strid om denne utbygginga. Somme vil ikkje ha oppdrettsanlegg i det heile, andre vil plassere anlegget ved Uraneset, og fleire vil at anlegget skal plasserast ved Skafjellet. Striden om utbygginga gjeld m.a. desse momenta:

Plassering av anlegget: Opphavleg ville Hofseth plassere anlegget ved Uraneset, men sentrale aktørar gjekk mot dette, m.a. på grunn av skipstrafikken inn og ut fjorden. Utbyggjar valde då å flytte anlegget til Skafjellet, og fekk offentleg godkjenning til dette. Koordinatane til plassering av anlegget ved Skafjellet har i heile søknadsperioden vore rette, men diverre har det blitt brukt feil namn, noko som har valda misforståing. Somme vil flytte anlegget, men når ein ikkje kan plassere det ved Uraneset, kvar skal ein då plassere det? Vi må ikkje gjere slik at utbyggjar trekkjer seg.

Visuell forureining: Mange meiner plasseringa av anlegget øydelegg naturopplevinga og utsikta. Eg deler ikkje det synet. Etter mitt skjøn vil oppdrettsanlegget i svært liten grad øydeleggje synsinntrykket. Dei fleste menneskeskapte naturendringane kan diskuterast. Utbygginga på Strandafjellet med m.a. gondolheisane, er det få som klagar over i dag, men sjølvsagt kan det hevdast at området var finare før utbygginga. Utsikta mot Strandadalen må ein vel og kunne seie var vakrare før industriområdet i Svemorka vart bygd ut, men i dag veit vi at svært mange menneske har ein god arbeidsplass der, og vi lever godt med noverande utsikt. Det er ei lukke for Stranda kommune at dette området vart plassert her, og det er vel ingen i dag som vil fjerne det. Det same kan vel også seiast om industriområdet på Ødegård. Vi har ein vakker natur rundt oss, og den må vi ta vare på, men vi må ikkje la kjenslene ta overhand.

Forureining: Eit anlegg i fjorden vil medføre noko forureining, men over tid vil dette bli betre. Framtida vil krevje at slike anlegg samlar opp avførings- og forrestar. Det er berre eit spørsmål om tid før det kjem endå strengare reglar her. Problema rundt lakselus blir det og arbeidt med, og her kjem stadig betre løysingar.

Gravplass: Det blir av somme hevda at området ved Skafjellet er ein gravplass for dei som omkom i Skafjellulukka, og at området difor bør vernast. Dette er for meg eit uforståeleg syn. Minnesteinen på Sløgstad, og historiebøkene, fortel om den tragiske ulukka. Den skal vi hugse, men det kan vi gjere sjølv om oppdrettsanlegget blir plassert i området. Kanskje ville desse som levde der «om dei såg att på jorda», støtte utbygginga? Kven veit, fedrelandsbyggjarar har det funnest til alle tider.

Positive sider ved utbygginga: Utbygginga som Hofseth har starta opp med, vil over tid gje mange arbeidsplassar til Stranda- og Fjord kommune. Desse arbeidsplassane har vi bruk for. Folketalet går ned og dermed også inntektene til kommunane. Utbygginga vil medføre tilflytting, inntektene til kommunane vil auke og servicenæringane vil få betre vilkår. Alt dette vil styrkje kommunane og bulysta i området.

Skuletilbod: Hofseth har sagt at han treng mange fagarbeidarar til anlegga sine, og han vil arbeide for at Stranda Vidaregåande skule får eit utdanningstilbod tilpassa dette. Stranda Vidaregåande skule slit i dag med minkande elevtal, og fleire er redde for at skulen kan bli nedlagd. Nye faglinjer kan verte starten på ei endring slik at elevtalet aukar og skulen vert liv laga også i framtida. Oppdrettsnæringa har behov også for høgt fagutdanna folk, og dermed kan ungdom frå Stranda ta slik fagutdanning, kome tilbake til kommunen og busetje seg her. Vi treng kompetansearbeidsplassar for ei positiv utvikling i bygdene våre.

Vi må sjå framover: Fiskeoppdrett er ei viktigare og viktigare næring for landet vårt, og det er avgjerande at Stranda gjer tiltak for å kunne vere med i denne utviklinga. Seier vi ja til oppdrett i fjorden vår, seier vi ja til ei svært positiv utvikling som vil tene distriktet vårt i framtida. Vi skal ha vørdnad for naturen vår, men utbygginga må ikkje stoppast når dei positive sidene er svært mykje sterkare enn dei negative.