Dagens kommentar, 14. april 2021

Legevaktordninga

Legevaktordning: Stranda formannskap gjekk inn for ei felles interkommunal legevaktordning med Sykkylven.   Foto: Åge Eikrem

Meiningar

Stranda formannskap gjekk måndag inn for rådmannen si tilråding om at Stranda kommune skal etablere ei felles interkommunal legevaktordning utanom kontortid (kveld, natt, helg og høgtid) med Sykkylven kommune. Bygdelaga Liabygda og Geiranger er ikkje med i vaktsamarbeidet, men har ei eiga ordning med legevakta i Ørskog og Ålesund. Det vart godkjent at legevakta vert organisert etter vertskommunemodellen, med Sykkylven kommune som vertskommune og Stranda kommune som samarbeidskommune. Det vart også vedtatt at Sykkylven og Stranda vert slått saman til eitt legevaktdistrikt, med kontorlokale ved Sykkylven legesenter. Den nye avtalen gjeld frå 1. juli i år.