Lesarinnlegg:

Grådigheit til besvær

Reagerer: Olav Harald Ulstein frå Sykkylven Framstegsparti reagerer på at ordførar og varaordførar går inn for å auke møtegodtgjersla til seg sjølve, medan dei andre politikarane må gå ned.  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

I budsjettmøtet i desember gjorde fleirtalet, med ordførar og varaordførar i spissen, vedtak om å redusere politikarane si møtegodtgjersle med 10 %. Det vart framført frå politisk leiing, at vi måtte vise solidaritet i ei tid med nedskjeringar. Det viste seg at dette vedtaket ikkje var lovleg fatta, fordi møtegodtgjersla er nedfelt i forskrift. Det medførte at ny forskrift måtte utarbeidast og leggast ut på høyring, for så å bli vedtatt i kommunestyret.

Eg vart mildt sagt overraska då forskrifta kom til behandling i formannskapet. Den solidariteten som den politiske leiinga ynskte at vi skulle vise, skulle visst ikkje gjelde dei sjølve. No frontar plutseleg ordførar og varaordførar ei ny forskrift der dei sjølve skal gå opp i godtgjersle, mens resten av politikarane skal gå ned. Så djupt stakk den solidariteten. Det er lett å vise solidaritet når den ikkje går utover seg sjølv.

Det største problemet her er ikkje pengane, men signala som våre to øvste folkevalde sender. Slik eg ser det, så osar det av forakt ovanfor resten av det politiske miljøet og det arbeidet som blir lagt ned i ulike råd og utval, kommunestyre og formannskap Dette er arbeid som er akkurat like viktig som arbeidet til dei på toppen. Med slike signal blir det i alle fall ikkje enklare å få folk til å engasjere seg og stille på lister til neste val. Det er mi store bekymring her.

Ei ny forskrift der ordførar og varaordførar skal gå opp, mens resten går ned, vil ha svært avgrensa innsparing i seg. Ordførar har i dag ei godtgjersle/lønn som ligg langt over ei vanleg gjennomsnittleg lønn i Sykkylven, så det er sjølvsagt her det er mest å spare.

Då saka vart behandla i formannskapet, sette underteikna fram eit forslag på vegner av FrP og Ap. Dette forslaget gjekk ut på å fryse godtgjerslene på dagens nivå, då blir det vist solidaritet på alle politiske nivå. Fleirtalet med ordførar og varaordførar i spissen stemte ned dette forslaget og støtta heller forslaget som skulle gi dei lønnsauke.

Saka kjem opp til endeleg behandling i kommunestyret måndag 19. april. Eg håper at ordførar, varaordførar og resten av fleirtalet har tenkt gjennom «solidariteten» sin til den tid.