Lesarinnlegg:

Sommartid

  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Meiningar

Også i år har vi stilt klokka til sommartid , og kveldane er blitt lysare og sola er på himmelen ein time lenger om ettermiddagen. Kanskje er det siste gongen, EU vurderer å avskaffe sommartida i år, og sidan Norge er EØS-land, vert det venta at Norge fylgjer EU. Det vil seie at det mest truleg vert «vintertid» heile året. På grunn av Koronakrisa og eit samfunn som nesten har stoppa opp, er det fare for at dette temaet går under radaren og ikkje vert diskutert. For mange av oss som bur under bratte fjell på Vestlandet og andre stader i landet, er dette ei viktig sak. At sola går ned ein time tidlegare om ettermiddagen, betyr at mange med «normalarbeidstid» ikkje har sol etter at dei kjem frå jobb. Det er stor forskjell på om sola på høgste sommaren går ned kl. 16 eller kl. 17, og det er realiteten mange stader. Ein del stader gjer fjella at sola kjem seint om morgonen og skin lenge om kvelden, dei kan kanskje ynskje meir morgonsol. Men dei fleste her i landet jobber innanfor «normalarbeidstid» og har behov for sol i litt av fritida si. Kor mange har glede av sola klokka fire om morgonen? Norge er litt annleis enn resten av Europa; vi har lange, mørke vintrar, men til gjengjeld kan vi nyte lyse vår- og sommarkveldar. Mange slit seg gjennom mørketida, og ser fram til denne helga då vi kan stille klokka ein time fram. Eg har aldri høyrt nokon som har klaga på auken av lys om kvelden når vi stiller klokka mot sommar. Mennesket er heilt avhengig av sollys, sollyset verkar inn på sanasane og hormonproduksjonen vår, og det aukar mengden av vitamin D i blodet. Dei som bur på stader der sola går tidleg ned, opplever å ikkje få sol heile veka igjennom etter arbeidstid. Her er det ikkje snakk om kveldssol, men ettermiddagssol.

I Norge har det vore sommartid fleire gonger, fyrste gong i 1916, og no har vi hatt samanhengande sommartid frå 1980, eg kan ikkje sjå at folk i Norge har hatt store problem dei siste 40 åra på grunn av dette. Klokka vert stilt siste søndag i mars og siste søndag i oktober, likt med EU-landa. Tanken med sommartid , er m.a å nytte betre lyset og sola om kvelden, og å spare energi. Grunnen til at den skal bli avvikla no, er at det er upraktiske i å måtte stille klokka to gonger i året. For folk i Norge som reiser på ferie og turar på kryss og tvers over heile jordkloden og kryssar tidssoner, verkar det ikkje som stilling av klokka er problematisk.

Eg håper at dei som er interesserte i denne saka, engasjerer seg og seier kva dei meiner. Dersom vedtaket vert at ein ikkje skal ha vinter- og sommartid, håper eg at verkeleg at Noreg kan ha «sommartid» heil året, med litt lysare ettermiddagar. Det vert interessant å høyre kva dei politiske partia, både lokalt og sentralt meiner om dette. For mange på Vestlandet og andre stader med høge fjell er sommartida viktig både for fysisk og psykisk helse og trivsel!