Svar til hovudtillitsvalt i Skuleleiarforbundet i Stranda, Trond Otto Berg

Meiningar

Som leiar av UDF Stranda har eg merknader til innlegget frå Trond Otto Berg. Det opne brevet var ein kommunikasjon med politisk nivå. Partssamarbeidet skal vere ei form for samhandling mellom arbeidsgjevar, organisasjonane og politisk leiing. Hovudavtalen er utgangspunkt for partssamarbeidet. Samarbeidet med politisk nivå ligg i partssamsett utval. Arbeidet i Arbeidsmiljøutvalet skjer med utgangspunkt i norsk lov, det vil seie Arbeidsmiljølova. Det har i sakleg forstand ikkje noko med partssamarbeidet å gjere.

Av omsyn til personvernet kan ein ikkje skrive kva som helst, men eg kan kome med ei opplysing. I referatet frå forhandlingsmøtet mellom partane UDF og kommuneleiinga frå møte den 18. februar står det mellom anna: «Arbeidsgjevar hadde ikkje sett seg inn i relevante saksdokument til møtet. Arbeidsgjevar opptrer prinsipielt og kategorisk, og då kan ein ikkje einast i ei form for semje. Kommunalsjef X kom med personleg, negativ karakteristikk til leiar av UDF sitt forhandlingsutval. X reiste seg under forhandlingane og truga med å forlate møte. Framferda er i strid med kva som reknast for god forhandlingsskikk. Arbeidsgjevar opptrer i strid med den kommunalt vedtekne verdiplakaten.»

UDF legg vekt på å representere medlemane på korrekt måte. Vi veit at det vi legg fram er svært viktig for den personen det gjeld. Då skal arbeidsgjevar vise respekt for motparten og vere sakleg. Kravet 18.02, var i realiteten eit økonomisk krav som kan karakteriserast som «knappenåler og glansbilete», men som av ein arbeidstakar kan bli forstått som eit velfortent «klapp på skuldra» eller «slag i andletet».

Samarbeidsproblema mellom Utdanningsforbundet og leiinga går nokre år tilbake i tid. Våre tillitsvalde opplever at arbeidsgjevar har endra haldning under noverande kommunaldirektør. Difor vil UDF Stranda i løpet av veka starte ein rettsleg prosess gjennom eit tvistemål mot arbeidsgjevar.

I overkant av seksti tilsette i Stranda kommune er organisert i Utdanningsforbundet – Skuleleiarforbundet har seks. UDF har både kritisert og reist spørsmål om korleis leiinga samarbeider med Skuleleiarforbundet. I brev til Rådmannen dagsett 03.09.19 seier HTV at arbeidsgjevar opptrer partisk. I ei tilbakemelding på møteleiinga i mars 2020 skreiv vår tillitsvalde mellom anna: « Møteleiinga må bli betre. Eg deltek ikkje på møte for å høyre på forelesing frå Skuleleiarane/Trond Otto Berg.» Denne partiskheita har no fått ein ny dimensjon gjennom innlegget i Nyss den 14. april. Eg finn igjen ord, omgrep og argumentasjon som leiinga nyleg har brukt. TOB har ikkje vore deltakar på desse møta. Tilsette i hovudadministrasjonen er samstundes organisert i Skuleleiarforbundet. Eit slikt samrør er lite profesjonelt og definitivt konfliktskapande og øydeleggjande for partisamarbeidet. Andre stader vil det å vere partisk bli vurdert som heilt uakseptabelt.

Skuleleiarforbundet har etter vår meining kort fortalt tre fokusområde: Meir løn til seg sjølv, auka makt til leiarane på kostnad av andre tilsette sine rettar, og å redusere påverknaden til UDF på alle plan mest mogleg. Det vil ikkje å kome nye tilsvar til Trond Otto Berg om han kjem andre innlegg.