Lesarinnlegg:

Det er faktisk heilt gratis å smile!

Ingrid Mei Engeset Ramstad og Christiane Pedersen  Foto: Privat

Meiningar

Smil, og verda smiler tilbake. I følgje ung.forsking.no utløysar ein signalstoff som gjer deg glad kvar gong du smiler, sjølv om det er eit falskt smil. Er ikkje det rart ? Du kan bli glad berre av å smile, og eit smil smittar lett over på andre. Med denne artikkelen vil vi gjere oss alle meir bevisste på kvarandre og det viktige med å spreie positivitet.

På Stranda og i Sykkylven har vi Grandiosa, Ekornes, Brunstad, skianlegg, flotte fjell og vakker natur. Mykje å vere stolte av og glade for. Men korleis har vi det vi som bur og lever her? Korleis er vi mot kvarandre? Som i mange andre lokalsamfunn har også vi forbetringspotensiale. Dette er ikkje for å vere frekk eller kritisere, men alle har noko vi kan jobbe meir med. Vi synest det er viktig at alle skal få den beste opplevinga av Stranda og Sykkylven, både på utsida og innsida. Vi må bli betre på mange ting, men det som er viktigast er inkludering. Vi har snakka med folk som har flytta til Stranda/Sykkylven, om korleis dei vart tekne imot, då dei kom til bygdene.

Kvinne 30 Stranda: “Det var vanskelig, fordi eg kom uten barn og type. Stranda var ikkje eit lett miljø å komme inn i. Eg har budd her i 4 år. På arbeidsplassen min er der eit godt miljø, men eg måtte jobbe hardt for å kunne møte på folk som eg kan smile til på butikken og utenom jobb.”

Mann 40 Sykkylven: ”Eg kom til Sykkylven for 19 år sida. Frå første stund vart eg ein del av ei menighet. Der fekk eg ein del venar, og kort tid etter eg hadde flytta fekk eg og kona mi eit barn. Det er utruleg kor mange kontaktar eg fekk via ungen min. Eg føler at eg vart godt motteken av lokalbefolkninga.”

Jente 17:” Det gjekk ganske greit, dei tok imot meg og behandla meg som ein venn. Men merka det var vanskeleg å bli invitert ut med folk etter skuletid. Dei eg hang med var veldig “close” og det var vanskeleg å bli ein del av gjengen.”

Kvinne 43 år Stranda: “ Eg kom til Stranda fordi eg fekk jobb her, og opplevde at det var svært vanskeleg å verte kjend med andre. Dei eg etter kvart vart kjend med, var også tilflyttarar.”

Det er viktig å tenkje over val og avgjersler ein gjer. Dette er noko vi lærer gjennom livet og vi trur at mange ikkje tenkjer over kva våre val kan påføre andre. Det er viktig at ein føler seg inkludert. Vi må bli flinkere til å sjå kvarandre og å setje oss inn i andre sin situasjon. Dersom du hadde kome til ein ny plass, hadde ikkje du då syntest at det hadde vore hyggeleg at folk tok imot deg med opne armar? Det er slike ting vi bør spørre oss sjølve om vi bidreg til.

Mange føler seg einsame og lengtar etter å få kontakt med andre. Alle menneske, uansett korleis ein har det, har behov for verdifulle menneskemøter. Det å bli sett, sagt hei til og smilt til, kan gjere dagen betre.

Vi som unge har også eit ansvar med å ta vare på kvarandre og andre sine behov. Vi må minne oss sjølve om at når ein inviterer folk på besøk eller fest, og ekskluderer nokre få, korleis hadde vi då reagert dersom dette var oss? Dette er kanskje ikkje intensjonen vår, men korleis skal den ekskluderte personen vite det ? Kanskje vi ikkje tenkjer på det, men det er akkurat det vi vil at vi skal bli bevisst på. Det er ikkje hyggeleg når heile klassa er invitert, utanom nokre få. Slike ting legg ein ikkje merke til, før ein opplever det sjølv. Og det er heilt forferdelig.

Eit inkluderande lokalmiljø er viktig for å halde på folket i bygdene. Vi ser at mange unge flyttar ut, og altfor få kjem tilbake for å busette seg her. Vi trur at auka fokus på korleis vi tek oss av kvarandre og måten vi tek i mot våre medmenneske på, gir auka trivsel i lokalmiljøet.

Det er så mange ting som blir tatt for gitt her i verda, spesielt no når verda er prega av Covid. Vi er omgitt av småting som får verda til å gå rundt, men vi tenkjer sjeldan over det. Er det ikkje ein god måte å spreie glede på ved å kommentere desse små gledene i kvardagen? Tenk kor glad dei som arbeidar med for eksempel å produsere mat vert om vi kommenterte kor viktig vi synest det er? Eller dei som arbeider med å gjere det ryddig og fint i gatene og i sentrum for at vi skal ha flotte blomster å gle oss over. Vi som enkelt individ kan gjere Stranda, Sykkylven og verda til ein betre stad ved å spreie sånne små gleder som dette her. Og det beste er at det er heilt gratis! Det kostar deg ingenting! Så kvifor ikkje sjå opp, sjå på det folk gjer kvar dag, som du finn glede i, og vis dei at du er takksam og at dei betyr noko.