Kronikk:

Eit rom til oss og eit rom til dei – eller skape eit rom saman?

Carola Herrmann  Foto: Privat

Meiningar

Sykkylven kommune har eit mål om å skape eit inkluderande lokalsamfunn for alle innbyggarar. Då må kommunen i større grad prøve, i samarbeid med sivilsamfunnet, å kople sosial kapital saman og frigjere potensialet som ligg der uutnytta.

Eit levande lokalsamfunn som vi finn i Sykkylven kommune og som strevar etter å utvikla seg, kan litt forenkla sagt samanliknast med eit hus som treng oppgradering og utviding. Lokalsamfunnet i Sykkylven kommune er eit nokså solid hus som står stødig, men det treng ei utviding fordi familien har vakse. Det manglar ikkje byggeplassar og ressursar og heller ikkje entreprenørar i kommunen. Eg har absolutt trua på at dette kan bli eit praktfullt hus. Men det manglar kanskje ein plan for korleis vi inkluderer alle i byggeprosessen.

Dei knappe 7600 innbyggarane i kommunen er sett saman av ulike folk og folkegrupper, og det kan seiast dei representerer mangfaldet som vi finn i Noreg i dag. Mange innbyggarar er tilflyttarar frå andre land og dei står òg i stor grad for kommunen sin vekst av folketalet dei siste 20 åra (Ssb). I noverande samfunnsplan står det at kommunen vil vere ein triveleg plass for alle å bu i. Når vi altså snakkar om alle innbyggarane, så er dei om lag 900 med innvandrarbakgrunn ein del av desse.

Som i alle andre lokalsamfunn i Noreg, er det den politiske og den sivile sektoren som i samarbeid skal forme levekåra til innbyggarane i Sykkylven. Levekår er eit samla omgrep for alle faktorar som påverkar livskvaliteten til den einskilde i eit lokalsamfunn. Korleis ein utviklar lokalsamfunnet heng dermed tett saman med kva levekår ein skapar for innbyggarane.

Å bygge og å utvikle eit lokalsamfunn kan i ei forenkla framstilling samanliknast med å utvide eit hus. Eg vil prøve å vise at Sykkylven kommune med målet sitt om å skape eit inkluderande lokalsamfunn for alle innbyggarane, i større grad må prøve, i samarbeid med sivilsamfunnet, å kople sosial kapital saman og frigjere potensialet som ligg der uutnytta.

Sivilsamfunnet skapar rom for inkludering

Sivilsamfunnet er den delen av privat sektor som utgjer ein samfunnssfære der menneske kjem saman og av fri vilje engasjerer seg og gjer ein innsats for enten fellesinteresse eller for meir spesifikke gruppeinteresser (Eimhjellen, Espegren, & Nærland, 2021). Sivilsamfunnet er arenaen der borgarane i vårt moderne demokrati fritt kan uttrykke det sivile engasjementet sitt, søke kunnskap, diskutere, kritisere eller organisere seg (innanfor lovverket) utan at offentlege organ grip inn (Ødegård, Loga, Steen-Johnsen, & Ravneberg, 2014). Med andre ord er det i desse romma kommunen kan treffe på interesserte, aktive og engasjerte innbyggarar, som enten åleine eller saman med andre, prøver å vere ein aktiv pådrivar i lokalsamfunnet. I Sykkylven kommune er Frivilligsentralen (med Fønixhuset) og Redd barna kanskje dei mest synlege aktørane som har tilbod som rettar seg spesielt til nye utanlandske innflyttarar. Språkkaféen til Redd Barna er eit døme på det. Med slike tilbod skapar ein viktige møterom som byggar på kulturell og sosial kapital (ibid.).

Sosial kapital i lokalsamfunnet – limet som bind saman

Sosial kapital er eit omgrep som beskriv alle dei mellommenneskelege relasjonane og sosiale nettverka ein kan finne der menneske møter kvarandre (Hansson & Aarseth, 2017). Ofte er det ei gruppe menneske som bygger felles sosial kapital gjennom til dømes felles oppvekst, felles kultur eller felles språk. Felles sosial kapital er svært identitetsskapande for ei gruppe.

Ein kan dele sosial kapital inn i tre undergrupper som kan vise oss på ulike måtar korleis den sosiale kapitalen dannar nettverk og smeltar saman.

Personlege relasjonar, prega av høg tillit og ei sterk kjensle av tilhøyring, slik ein kan finne i familiar og etniske eller religiøse grupper, er døme på såkalla bindande sosial kapital (bonding). Her bind naturleg likskap saman (Putnam, 2000).

Mellommenneskelege relasjonar som strekk seg på tvers av grupper pga. mange likskapar og sosiale knytepunkt kallar ein også brubyggande sosial kapital (bridging). Her skjer sambinding av gruppene ikkje pga. naturlig likskap, men pga. at der finst ein del naturlege møtepunkt og overlapp mellom desse gruppene (ibid.). Til dømes er idrettslag arenaer som kan bygge bru mellom ulike grupper gjennom ein felles idrettsinteresse.

Den siste undergruppa er kanskje den mest interessante, med tanke på å inkludere alle i utbygging av lokalsamfunnet i kommunen. Ho handlar om relasjonar og nettverk som samhandlar på trass av ulike sosiale normer eller interesser, men med naudsynt respekt og tillit (Claridge, 2018). Det kallar ein òg koplande sosial kapital (linking). Det kan kople saman det som eigentleg ikkje har naturlege knutepunkt. Til dømes vil sosial kapital i ein polsk familie i Polen ikkje har nokon naturleg knutepunkt til den sosiale kapitalen i ein sykkylvsfamilie. Men når den polske familien flyttar hit og dei to familiane møtast til ein felles aktivitet, så har ein kopla saman noko av kapitalen og ein har skapt ein lenke mellom familiane. Med andre ord har ein bygd ein relasjon. Og det er her potensialet ligg for ein fleirkulturell og fleirspråkleg kommune som Sykkylven.

Å kople sosial kapital saman i eit inkluderande lokalsamfunn

Dersom ein samanliknar utviklinga av lokalsamfunnet med eit hus som skal byggast, så vil den kommunalpolitiske sektoren bygge ytterveggane som gir huset ei form. Sivilsamfunnet, inklusiv frivillig sektor, vil då kunne stå for romfordelinga og legge grunnlaget for kor mange fleire og kor store rom huset skal få, og ikkje minst kva formål dei skal bli brukt til. Alle Innbyggarar, den einskilde og dei som samlar seg i lag, er interiørarkitektane som kan fylle romma med alt ein treng.

Samansettinga av lokalsamfunnet vil påverke mange val i planprosessen og engasjementet i lokalbefolkninga kan vere hemmande eller fremmande pådrivar i byggeprosessen. Her er det kommunen kan steppe inn og ta tydeleg styring som byggeansvarleg. I regi av kommunen kan sivilsamfunnet skape større rom, tenkt til mange formål og som rommar mange ulike folk. Dei kan sjølvsagt bygge vidare på dei gamle romma som allereie finst, men mi oppfatning er at dei har for mykje avgrensa formål, er for små og rommar for få ulike folk. For å inkludere alle og kople sosial kapital saman på tvers av innbyggargruppene, trengs det kanskje litt meir romslege rom som gir plass til ein god del ulikskap?

Sivilsamfunnet i Sykkylven kommune må då tore å satse på store rom, kanskje med skiljeveggar som lett kan flyttast til side, og mange dører som kan forbinde romma med kvarandre. Tilbodet og møteplassar som finst på tvers av innbyggargruppene i Sykkylven, er per i dag langt frå nok til å kunne inkludere alle. Dei inviterer for lite til mangfald. Men moglegheitene og potensialet ligg der, det er eg ikkje i tvil om. Mi oppfatning er at det er mykje uutnytta potensiale som ligg og venter i sivilsamfunnet som Sykkylven kommune burde bruke i mykje større grad. Frivillighet Norge (frivillighetnorge.no) samlar over 300 medlemsorganisasjonar frå frivillig sektor. Her er det berre å la seg inspirere.

Frivillig sektor har mykje uutnytta potensial

Frivillige lag og organisasjonar er aktive aktørar i utvikling av lokalsamfunnet i Sykkylven. Dei har òg eit medansvar i å utjamne sosiale forskjellar (Aasland, 2019). Det å vere med i ein eller fleire fritidsorganisasjonar, er heilt klart med på å auke barn og unge sin sosiale kapital og felles identitet, uansett kor dei er ifrå eller kven dei er (2019, s. 141).

Fire idrettslag eller andre lag med tilbod for barn og unge er til dømes aktørar som aktivt bidreg med å bygge på og å kople saman sosial kapital og såleis er pådrivar i å utvikle eit inkluderande lokalsamfunnet i Sykkylven. Grendelaga i dei ulike krinsane og Frivilligsentralen er døme på aktørar som står for deltaking, tilhøyring og trivsel. Desse, og mange fleire som ikkje er nemnt her, er aktive deltakarar i byggeprosessen av lokalsamfunnet i Sykkylven. Dei skapar arenaer som har stort potensiale til å kople folk saman. Per i dag har eg mine tvil om at dette potensialet er godt nok utnytta. Her òg må kommunen kome med tydelegare byggeteikningar for korleis ein vil at desse romma skal bli utbygd. kommunepolitikken må legge konkrete føringar og stille krav til lag og organisasjonane. Knekk Inkluderingskoden (inkluderingskoden.no) er ein inspirasjonsbank for mangfald i frivillig sektor og kan vere ein god start for å kome i gang.

Mål om eit inkluderande lokalsamfunn

Når Sykkylven kommune skal jobbe med å skape eit inkluderande lokalsamfunn for alle innbyggarar, så må dei først kome fram til ein felles visjon – ein visjon for og med alle, og ikkje ein visjon med ei oss og dei-tenking. Vi treng ei sterkare vi-kjensle i planprosessen, så vel som i byggeprosessen, for å oppnå ei vi-kjensle som sluttresultat. Allereie i planprosessen må inkludering vere ein premiss. Frivillig sektor i Sykkylven har stort potensiale til å skape ei vi-kjensle, og det må utnyttast mykje betre enn det blir gjort i dag. Inkludering av alle innbyggarar handlar om meir enn sosial og politisk integrering. Det handlar om å invitere i større grad til aktiv deltaking i utbygging av dei sosiale romma i sivilsamfunnet. Det handlar om å ta dei med i planprosessen, i bygginga og i vedlikehaldsarbeidet. Dei må vere med heile vegen.

Integrering av innvandrarar i lokalsamfunnet handlar om å skape rom for deltaking, som koplar majoritetar og minoritetar saman, og inkludering handlar om å bygge desse romma saman.

Referansar

Claridge, T. (2018). What is Linking Sosial Capital? Retrieved mars 24, 2021, from Sosial Capital. Research & Training: https://www.socialcapitalresearch.com/what-is-linking-social-capital/

Eimhjellen, I., Espegren, A., & Nærland, T. U. (2021). Sivilsamfunn og integrering. En kunnskapsoppsummering. Oslo: Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor.

Hansson, L., & Aarseth, T. (2017). Sosial kapital i kommunens møte med flyktninger. In J. R. Andersen, E. Bjørhusdal, J. G. Nesse, & T. Årethun, Immateriell kapital : Fjordantologien 2017 (pp. 31-48). Oslo: Universitetsforlaget.

Putnam, R. D. (2000). Bowling Alone. The collapse and Rivival of American Community. New York: Simon & Schuster Paperbacks.

Roland, G. H. (2014). Frivillighet. In U.-G. S. Goth, Folkehelse i et norsk perspektiv (pp. 206-226). Oslo: Gyldendal Akademisk.

Ødegård, G., Loga, J., Steen-Johnsen, K., & Ravneberg, B. (2014). Fellesskap og forskjellighet : integrasjon og nettverksbygging i flerkulturelle lokalsamfunn. Oslo: Abstrakt forlag.

Aasland, S. G. (2019). Det trengs en landsby. Hvordan familie, skole og nabolag påvirker våre barns fremtid. Oslo: Res Publica.