Høgre er Høgre, og Møreaksen er greinalaus uansett!

Frank Sve  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Meiningar

Høgre er Høgre, kvinne som mann, og endrar ikkje det faktum at Høgre ikkje bryr seg om folket i heile fylket som slett ikkje ynskjer Møreaksen til 25-35 milliard kr

Om kvinner frå Høgre er noko betre, en «gretne gamle gubbar» skal eg ikkje konkludere på jamf. deira innlegg i RB.

Derimot er eg svært glad for at det ser ut til at kampen mot Møreaksen og kampen for sunn fornuft ser ut til å virke.

Kva Høgre kjem med i neste trekk er eg verkeleg spent på, har dei ikkje snart forstått at folket her i fylket er imot å bruke 25-35 milliard kr på Møreaksen, ein gedigen omveg, ca 400 m under fjorden og gjennom Molde by?

Både kvinner og menn i Frp ynskjer ein trygg, rask, miljøvennlig og billigare trasé over Romsdalsfjorden, anten gjennom Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer.

Kvinner og menn frå heile fylket er med i kampen mot den gedigne undersjøiske tunellen, 6 mil med tunellar, aldeles unødvendig risiko når vegen kan byggjast OPPE på sjøen.

Innbyggjarane her i fylket kan klart og tydeleg seie kva dei meiner om Møreaksen i Stortingsvalget til hausten.

Då er ei stemme til Høgre, Sp og Ap ei stemme for å prioritere «lokalvegen» Møreaksen for 2300 bilar i døgnet over Romsdalsfjorden, og, nedprioritering av alle andre vegprosjekt i heile fylket som ikkje kjem til å få ei krone og blir utsett pga Møreaksen i lang tid framover.

Det er ditt valg i Stortingsvalget i september.