Mismot, brosten idealisme og aldri så lite bitterheit

Reidar og Gunnhild Overvoll gir seg som mjølkebønder om to år. Her saman med dottera Sirin (til høgre) og nabojenta Andrine på trappa framføre huset.  Foto: Eivind Louis Helset

Meiningar

Om to år gir vi oss som mjølkebønder. Eg har varsla at eg har meir å fortelje, og dette var det.

I og for seg ikkje så dramatisk. Reidar blir da pensjonist, og eg har innsett at eg ikkje er eigna til jobben med fjøsstell morgon og kveld. Landbrukspolitikken i dag tilseier at bønder må vekk for at dei som er att skal kunne vekse seg større. Festtalane seier noko anna. Bedriftsøkonomien seier akkurat det.

Sjølve kjenner vi både på mismot, brosten idealisme og aldri så lite bitterheit. Vi er dyktige bønder, har tenkt økonomi i mykje vi har gjort. Vi har i motsetning til mange ikkje gjort store investeringar. Utrekningane har aldri vist at investeringane vil lønne seg. No er vi i den posisjonen at vi kan gi oss utan gjeld. Mange andre bønder er fanga i gjelda dei har investert seg inn i, og kan ikkje gi seg.

Det er mange teoriar om korleis bonden sin økonomi kan reknast ut, og dette blir brukt til å tilsløre fakta om kor lite vi tener. Vi har hatt i gjennomsnitt 330.000,- kr i året frå garden. Det har vori heilt stabilt sidan eg kom til garden for 20 år sidan.

Sirin på 8 seier at ho vil bli bonde når ho blir stor. Kan vi tilrå det? Mange bønder er sinte. Eg er mest trist.

Håper mange av dykk er einige i at dette er alvorleg. Støtt gjerne bondeopprøret med feks bilderamme på sosiale media.

Denne teksten blei først publisert på Gunnhild Marie Overvoll si Facebook-side. Den er gjengiven her med løyve.