Til kommunestyra om Fjellseterområdet

Hytter: Hyttefelt på Fjellsætra  Foto: Privat

Meiningar

Sykkylven kommunestyre

Stranda kommunestyre

Eg, Ottar Løvoll , fødd i Eidsdal og busett i Ørsta vart kjend med Fjellsetra gjennom Fjellseterrunden der eg var deltakar i mange år. Eg tenkte den gongen at dette var eit naturområde i særklasse for heile Sunnmøre.

Seinare kom eg til Fjellsetra på sommaren og vart overraska av det enorme mangfaldet av ulike fugleartar. Med fuglar som hobby har eg forsterka min sans for dette området.

Den uvanlege variasjonen i landskapet, vatn med øyar, turre furuknausar, lange myrar og orkanherja gamalskog med kjempestor osp. Dette landskapet har alt som fuglar og dyr drøymer om. No ligg området under eit hardt hyttepress, og det er godt å forstå.

Stranda og Sykkylven kommunar sit med eit forvaltningsansvar som langt overstig det som er vanleg for ein kommune. Berre på nokre turar der har eg opplevd dette: Leikande orrfugl på begge dalsider, snart utrydda her eg bur. Kongeørn, havørn og mange ulike falkar i lufta. Storlom og smålom som står i særklasse for vern. Eit yrande liv av ulike ender og vadefuglar langs strendene. Kvitryggspetten som knapt nok finst er fastbuande der.

Eg trur at dei fleste hytteeigarar ville vere glade om dei fekk ei orientering om det store mangfaldet, og korleis ein kan ta vare på det. I dette må det nok ligge at ein ikkje kan fortsette med det store forbruket av området til hytter. Når ein går over grensa er det vanskeleg å finne tilbake. Nokon vil nok seie at det alt er for seint, og at ein no må fortsette «verdiskapinga». Ver varsam med denne løgna for ho blir lett sann no.

Kommunane bør gå saman og lage eit orienteringsskriv til hytteeigarane. Det bør gi råd om vern av øyane i hekketida. Om varsemd i strandlinja der vadarar og ender hekkar. Om garnfiske når dykkender og lom har ungar. Ein fagperson som kjenner området bør kunne gi gode råd som kan gå ut til hytteeigarane.

Det kan også vere produksjon av tilpassa fuglekasser for holbuarane. Nokon lagar kasser sjølve , men mange ynskjer å kjøpe, og dette kan auke interessa for vern og naturopplevingar.

Det er vel litt uvanleg at ein heilt uvedkomande person blandar seg i naturforvaltning langt utanfor sin eigen kommune. Men ser ein det motsett veg, kan det vere at kommunen får store augo, og forstår kva verdiar dei sit med ansvar for, no og i framtida.