Er ytringsfridomen truga?

Torsdag, 20. mai er det møte på kulturhuset i Sykkylven i regi av Sykkylven Seniorakademi. Temaet for møtet er: «Er ytringsfridomen truga?». Foredragshaldar er Jan Inge Sørbø som er professor ved Høgskulen i Volda, og medlem av ytringsfridoms­kommisjonen.

Foredragshaldar: Jan Inge Sørbø.  Foto: Privat

Meiningar

I fjor vår oppnemnde kulturdepartementet ein ny ytringsfridomskommisjon. Bakgrunnen for det er at ytringsfridommen møter nye utfordringar. Sjølv om Norge er eit land som held retten til frie ytringar høgt, blir også vi ramma av dei nye utfordringane. Dei nye kommunikasjons­teknologiane gjer det mogeleg å påverka politikk og debatt gjennom desinformasjon, ryktespreiing og direkte løgner, ofte utan at det blir oppdaga. Dei nye media gjer det også lett å spreie hat og krenkande ytringar.

Men kan også krenke-argumentet bli ein fare? Desse utfordringane gjer det nødvendig å gå tilbake og sjå på grunngjevingane til ytringsfridommen, som vaks fram saman med og som ein del av demokratiet.

Det finst skremmande eksempel frå utlandet på at grupper har kjøpt seg makt gjennom nye teknologiar, og påverka viktige val og nasjonale avgjerder, som presidentvalet i USA og avstemninga om Brexit i Storbritannia. Men også norske kommuneval har opplevd denne typen manipulasjon.

Er ytringsfridommen truga, og kva kan ein gjera med det? Kva kan staten gjera, og kva kan andre aktørar spela inn for å berga eit sunt samfunn?

Møtet vert avvikla i samsvar med gjeldande smittevernreglar.

Alle er velkomne!