Dagens kommentar 21. mai 2021

Vanskeleg val

Færre dosar: Stranda og Sykkylven er blant kommunane som blir råka av skeivfordelinga av vaksinar.  

Meiningar

Helseminister Bent Høie (H) sa at det var eit svært vanskeleg val regjeringa måtte ta då han onsdag proklamerte skeivfordeling av vaksinar, som betyr at 24 kommunar får fleire vaksinar, 23 kommunar får som før, medan resten, 309 kommunar, vil få om lag 35 prosent færre dosar. Mellom desse er Stranda og Sykkylven. Folkehelseinstituttet oppmoda allereie i slutten av april om at det hasta med å setje i verk skeivfordelinga, men det skulle gå nærare ein månad før regjeringa bestemte seg. Smitteverndirektør Geir Bukholm har lenge vore klar på at ei skeivfordeling vil skape ein samla og betre effekt for heile landet. Spesielt har Oslo vore hardt råka, og no er det snakk om å vaksinere 18-åringar i hovudstaden som dermed vil gå føre eldre menneske andre stadar i landet.