Frp seier NEI til Møreaksen

Frank Sve  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Meiningar

Frp fremmar framlegg om ny Nasjonal transportplan, ved å seie NEI til Møreaksen og ja til Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden.

Frp sin Stortingsgruppe legg i desse dagar fram partiet sitt eige framlegg til NTP.

Her kjem det klart fram at partiet seier NEI til Møreaksen og ynskjer Ålesund-Molde bygd ut av Nye Veier AS med Romsdalsaksen.

Møre og Romsdal Frp er sjølvsagt godt fornøgd med at partiet sentralt støttar kravet om å skrote Møreaksen ut av NTP, og at partiet lyttar til det svært store fleirtalet av befolkninga her i fylket som vil ha Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden.

Stortingsvalget til hausten avgjer om Møreaksen blir skrota, og det er dei årlige statsbudsjetta som avgjer dette.

Møreaksen er slett ikkje endeleg vedteken i NTP, dette er berre ein «plan» og ikkje eit vedtak om å byggje noko som helst.

Stem Frp , og støtt folket sitt krav her i fylket om å skrote Møreaksen.