Kronikk:

Kulturlandskapet – eit velferdsgode til oss alle

Kulturlandskap: Garden Hoem i Eikesdalen, vinnar av Kulturlandskapsprisen 2020. No vil Statsforvaltaren at folk skal nominere kandidatar til å vinne prisen i 2021.  Foto: Lena S. Sandvik, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Meiningar

Sjølv om formatet har endra seg gjennom generasjonar, er mykje som før. Kulturlandskapet forsett å levere velferdsgode til oss alle: Mat, næring, bustader og naturressursar.

Kulturlandskapet er forma gjennom generasjonars bruk. Derfor må vi sjå på det frå ein historisk synsvinkel – frå fortid til notid.

Spaden, plogen og traktoren sine landskap

«Spadens, plogens og traktorens landskap» er namnet på ein rapport av kulturhistorikar og forfattar Arne Lie Christensen. Rapporten skildrar jordbrukslandskapet i eit område i Rogaland frå slutten av 1700-talet og fram til vår tid. Her finn vi objekt som inn- og uthus, rydningsrøyser, steingjerde, åker, eng og annan kulturpåverka vegetasjon. Objekta vart sortert inn i perioden ein antok at dei høyrde heime. Spaden, plogen og traktoren vart markørar for kvar sin periode.

Spaden representerte det førindustrielle landskapet. Her vart jordarbeid, såing og innhausting gjort med handkraft. Plogen spegla overgangen til eit meir mekanisert landbruk. Reiskap og maskiner vart trekt av hest. Traktoren syner til perioden etter 2. verdskrig og fram til i dag. Nye motordrivne maskiner har teke over for både hand- og hestekraft.

Kulturlandskapet er produksjonslandskap

Kulturlandskapet har vore, og vil alltid vere, eit produksjonslandskap. Tidene skifter, slik som spaden, plogen og traktoren illustrerer så godt. Kulturlandskapet er ikkje musealt, i den forstand at ein dyrkar fortida på kostnad av notida.

I dag vert det stilt krav til bonden om større effektivitet og rasjonalitet. Vi har også blitt fleire menneskjer som må ha mat på bordet.

Det er likevel fleire gardbrukarar som emnar å tilpasse seg tidas skiftingar med ei moderne driftsform, samstundes som dei tek vare på det gamle og historiske. Dei kan byggje nytt fjøs for å møte nye krav og standardar, og likevel restaurere og halde ved like den gamle driftsbygninga, stabburet eller stølen. Dei kan dyrke store åkerstykkjer som gjev mat på bordet til ein veksande befolkning, og ta vare på små lappar med slåttemark som er livsviktig for sjeldne og sårbare planter, blomar og insekt.

Gjennom ressursane den enkelte bonde har, vert det produsert mjølk, kjøtt, grønsaker, bær og frukt til fellesskapet. Landbruksproduksjonen gir og fellesgode som verdifull natur, bustader og ope landskap.

Kulturlandskapsprisen

I Møre og Romsdal kan vi mange stadar sjå element frå både spaden, plogen og traktoren sine periodar.

Grunnlaget for landbruk er svært ulikt i dei enkelte kommunane. Dette skyldast store variasjonar i landskapet med omsyn til jordsmonn, topografi og lokalklima. Det er nettopp denne variasjon i landskapet som gjer Møre og Romsdal til eit så vakker og variert fylke. Ein kornåker som bølgjer i vinden, ein blomstrande ranke med bringebær eller friske dyr som beiter på ein seterstøl. Alle desse elementa bidreg til eit ope og variert landskap.

Kulturlandskapa er verdifulle for oss som bur i Møre og Romsdal. Statsforvaltaren skal motivere nettopp til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Kvart år deler derfor Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut ein kulturlandskapspris. Vi ønskjer sette fokus på dei store verdiane av kulturlandskapet. Vi vil heidre personane som legg ned arbeid, innsats og engasjement for å ta vare på dette innhaldsrike landskapet som er prega av spaden, plogen og traktoren gjennom generasjonar.

Nominere din kandidat!

Vi vil oppfordre alle til å nominere ein kandidat til Kulturlandskapprisen 2021. Prisen kan gå til aktive gardbrukarar, grunneigarlag, bygdelag eller andre typar fellestiltak. Gå inn på Statsforvaltaren si nettside statsforvalteren.no/klprisen2021 for meir informasjon om prisen, og for å nominere din kandidat innan 31. mai.